Torstein Heggstad si karriere som bedriftsrådgiver vart kortvarig, etter at han slutta som Maritime Partner-sjef tidlegare i år.
I starten av september sa Heggstad til Nett No at han satsa på å vere bedriftsrådgivar på heiltid, men no blir det å styre haneskjellfiske i Barentshavet i staden.
Aca Ocean har eit fartøy under ombygging på Fiskerstrand Verft, med plan om å starte fiske neste år.
Med frå starten
Heggstad har tidlegare etablert dåverande Sparebanken Vest sitt kontor i Ålesund, arbeidd for Volstad Shipping og leia Nils Sperre.
Han har vore ein støttespelar for Ava Ocan heilt sidan starten, og sat og i ein periode i styret i selskapet, skriv Ava Ocean i ein pressemelding.
"Vi er svært glade for å få Torstein med på laget. Han har solid erfaring fra bransjen og er den rette personen til å lede fiskeridelen av virksomheten i neste fase av vekst og utvikling.", seier dagleg leiar Øystein Tvedt i Ava Ocean.
Ny metode
Ava Ocean fekk løyve til å starte fiske etter haneskjel i Barentshavet takka vere ein fangstmetode som brukar kamerateknologi og utsrtyt som syg skjella opp i båten.
De nye metoden erstattar tråling. Det var en fangstmetode som skada havbotnen og førte til overfiske.
Ava Ocean døypte sitt første skip 2022.
Det vart seld i ein byttehandel med Westcon Group-selskapet Maritime Management i Ålesund i 2024. Ava Ocean overtok ein tidlegare reketrålar frå Westcon, og Westcom overtok Ava Ocean sin første båt - som opphavleg var eit seismikkskip. Det er det fartøyet som no er under ombygging.
Publisert: 10.11.2025 12:57
Sist oppdatert: 10.11.2025 12:57






