Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal
VERTSKAPET: Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal driv Visnes Hotel i Stryn.
Nytt

Traff blink med utviding

Rett før toppsesongen i fjor var vertskapet på Visnes Hotel i Stryn klar med fire nye rom. Det lønte seg.

15.03.2021

Trass uvissa då koronaepidemien kom, bestemte Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal seg for å fullføre bygging av fire nye rom.

For eit lite hotell med 15 rom frå før var det ei stor utviding, og ekstra stor sidan alle fire er familierom, med plass til i alt 16 personar.

Då avklaringa kom i mai om stengte grenser, kom avbestillingane frå utlandet. Samstundes som bestillingar frå norske gjestar strøymde på. Då sikra dei fire nye roma ekstra inntekter, og auka lønsemd.

Også medlemskapet i De historiske hotel gav drahjelp og medverka til auka lønsemd i fjor.

Visnes Hotel Stryn as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter4,64,7
Driftsresultat0,50,3
Resultat før skatt0,20,1


Oppsving for restauranten
Erfaringane frå i fjor var mellom anna at dei norske gjestane brukte meir pengar i restauranten enn hotellet var van med frå sine utanlandske gjestar.

Toppsesongen vart kort og hektisk, seier dagleg leiar Marit Nordheim Otterdal, men lønsemda steig trass i ein liten nedgang i driftsinntektene (sjå tabell).

Marit Nordheim Otterdal eig og driv hotellet saman med ektefellen Arvid Otterdal.

Auke i år
Også i år ligg det an til å bli ein sommer der nordmenn ferierer i heimlandet og utlendingane ikkje kjem før eller i juli.

Nordheim Otterdal registrerer at nordmenn no bestiller tidlegare enn før, og at dei typisk bestiller ei natt ekstra i høve til det som var vanleg at dei gjorde før korona.

Som ein ekstra bonus i år ventar ho at hotellet kam få utanlandske besøkande igjen, i august/september, etter at høgsesongen for norske turistar er over.

Alt dette gjer at vertskapet på Visnes Hotel ventar ein auke i driftsinntektene til rundt seks millionar kroner i år.

Publisert: 15.03.2021 11:00

Sist oppdatert: 09.06.2021 08:03

Mer om