Toivo Nilsen Fuglefjellet the north west foto Ogne
PLUSS: I år kjem Fuglefjellet til å få inntekter og resultat i nærleiken av 2019-anslår Fuglefjellet-sjef Toivo Nilsen.
Nytt

Travel haust etter koronasjokket

I løpet av hausten 2020 henta Toivo Nilsen og Fuglefjellet-kollegaene inn mykje av inntektene som gjekk tapt i det første koronasjokket.

17.08.2021

Innan året er omme skal Fuglefjellet ha auka staben frå sju til ni og Nilsen spår at 2021 vil ende med rundt 7,5 millionar kroner i driftsinntekter og rundt en halv million i overskot.

Fuglefjellet lever av å lage filmar for bedrifter og frå arrangementet, og høyrer til ein av bransjane som blei hardast råka då store delar av Noreg blei stengt i midten av mars 2020, og dei som kunne blei sendt på heimekontor.

I fjor blei det ei lite underskot og eit fall i driftsinntektene på 1,3 millionar kroner frå 2019 (sjå tabell).

- Gitt omstenda så er eg nøgd, seier Nilsen om 2020-resultatet.

Travelt haust
Stor deler av staben var permittert dei to første månadane etter at koronaepidemien kom i mars 2020.

Hausten 2020 vart derimot meir travel enn hausten 2019.

- Ein kjempefin haust. Alle kundane som har kome seg av koronasjokket heiv seg rundt, seier Nilsen om andre halvår i fjor.

Fuglefjellet as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter6,37,6
Driftsresultat-0,10,7
Resultat før skatt-0,10,7

Publisert: 17.08.2021 11:00

Sist oppdatert: 17.08.2021 12:57

Mer om