Kjetil Aarseth foto Anne Marthe Vestre Berge
FOLKERIKE MARKNADER: – Vi er klare for å køyre, fortel Tikkio-sjef Kjetil Aarseth om satsinga mot Frankrike, Tyskland og Storbritannia. Denne veka blei det kjent at Giske-selskapet er eitt av åtte som er med i eit nytt eksportprogram for kreativ teknologi. Foto: Anne Marthe Vestre Berge
Nytt

– Krise betyr fare og moglegheiter til å tenke nytt. Det er der vi har vore

Tikkio har oppskrifta klar for Europa-satsing, og er overtydd om at koronakrisa har styrka sjansane deira.

Marius Rosbach
19.06.2021

Utviklinga Tikkio har vore med på det siste året, illustrerer korleis moglegheiter oppstår av kriser. Billettselskapet med fem tilsette er også eit døme på at all eksport frå Nordvestlandet ikkje dreiar seg om fisk, møblar og båtar.

Etter eit år med store nedturar og knallhard jobbing, håpar dagleg leiar Kjetil Aarseth at dei er på veg inn i ei ny og større medgangsbølgje.

– Krise betyr fare og moglegheiter til å tenke nytt. Det er der vi har vore, fortel han til NETT NO.

Med i eksportprogram
Denne veka kom avgjerda om at billettselskapet frå Giske er ein av åtte bedrifter som er med i eksportprogrammet «Kreativ teknologi ut i verden». Det betyr pengar og hjelp til å vekse internasjonalt.

– Vi har alltid vore litt kry over det vi har fått til, men dette er også ei anerkjenning om at vi har tenkt lurt om fortsettinga, sa Aarseth etter han fekk nyheita.

(saka held fram under)

Jugendfest momentium foto alexander bjørnøy
TRULEG JUGENDEFEST: Gjenopninga som blei kjent før helga, gav Momentium - som er Tikkio-medeigarar og ein av dei sine største kundane - trua på at det er mogleg å arrangere Jugendfest i år. Foto: Alexander Bjørnøy

Fredag fekk Tikkio-sjefen fleire gode nyheiter då Erna Solberg ga grønt lys for neste steg i gjenopninga for kulturliv og arrangement. Symbolsk nok passerte Tikkio få dagar før 800 aktive arrangement – like mange som før pandemien.

– Eit heilt forferdeleg år
I mars i fjor såg ting lyst ut. Det gjekk 40 prosent meir pengar gjennom Tikkio-systema enn året før, og dei var i ferd med å tilsette to nye personar.

– Vi hadde søknadsfrist 13. mars. Det seier seg sjølv at det ikkje vart noko av, seier Aarseth og klarer å le av det heile.

Prognosen for 2020 låg på at Tikkio skulle selje billettar, varer og tenester for 330 millionar gjennom sine system. Dei enda på 64. Rekneskapen for 2020 er ikkje klar enno, men «det seier seg sjølv at det blir underskot», fortel han.

Eg meiner Tikkio har styrka seg og vi har klart å halde på arbeidsplassane
KjetilAarseth

– Det har vore eit heilt forferdeleg år, men det baud også på moglegheiter. Eg meiner Tikkio har styrka seg og vi har klart å halde på arbeidsplassane, påpeiker han.

Gjennom kriseåret anslår han at dei har klart å halde dei tilsette i jobb kring 70 prosent, men det har også vore permitteringar.

(saka held fram under)

Auke i Danmark
Ein av moglegheitene som har opna seg for Tikkio er auka marknader internasjonalt. Dei har allereie vore til stades i Danmark i nokre år. Med Innovasjon Norge i ryggen er dei klare for å sette meir fart på eksportarbeidet.

I fjor stod Danmark for kring 20 prosent av billettkronene som gjekk gjennom systema deira. Til no i år er den summen allereie passert.

– Det er utruleg spennande og ein ferskare marknad for oss, der vi jobbar meir etter den modellen vi skal jobbe gjere internasjonalt, fortel Aarseth.

(saka held fram under)

Tikkio app skkjermdump 11
FLEIRE APP-AR: Tikkio har laga app-ar for både publikum og arrangørar, på fleire plattformar. Selskapet får fire prosent provisjon av billettsalet i «self service»-løysinga for arrangørar, Foto: Skjermdump

«Self service»-løysing
Digital marknadsføring mot bransjeaktørar står sentralt i satsinga. Allereie i 2019 nytta dei mykje ressursar på forbetringar i «business intelligence», som skulle gjere dei klare for vekst.

– Veksten vi opplever no, viser at systemet og skaleringa jobbar for oss. Vi har ei «self service»-løysing som gjer at ein dag med ti millionar gjennom selskapet, ikkje er meir travel enn ein million, fortel han.

Billegare, enklare og smartare, har heile tida vore målet med Tikkio sine tenester, og dei var mellom anna først på marknaden med ei mobilløysing i si tid.

Vi er klare til å køyre og vil gå for dei største og mest folkerike landa, Tyskland, Frankrike og Storbritannia,
Kjetil Aarseth

Satsar på Tyskland, Frankrike og Storbritannia
Med nye reglar for betalingstenester, slepp dei no opprette selskap i kvart av landa dei opererer i – slik dei gjorde i Danmark. Dermed er nye land lettare tilgjengeleg.

– Vi er klare til å køyre og vil gå for dei største og mest folkerike landa, Tyskland, Frankrike og Storbritannia, fortel Kjetil Aarseth.

I desse dagar held dei på å gå gjennom tekstar på dei ulike språka for «å sjå at dei held mål», som Aarseth seier. Om dei klarar å få berre ein liten marknadsdel i desse landa, kan det måle seg med heile omsetninga selskapet har i dag.

(saka held fram under)

Podium

E3/S1 Ante og Lars Giskeødegård - slik møtte Momentium pandemikrisa

Europa meir digitalisert
Tikkio-sjefen er overtydd om at digitaliseringa pandemien har ført med seg, har vore til deira fordel.

– Vi trur både kunnskapen og villigheita til å bruke digital betaling er høgare enn før krisa, seier han.

Medan kontantar knapt blir nytta lengre her i Norge, har det vore ei seinare utvikling på kontinentet.

– No har det endra seg og folk er blitt vande med å bestille frå borda med via nettet, påpeiker Aarseth.

(saka held fram under)

Kjetil Aarseth foto Tikkio 11
FESTIVAL: Slike tilstandar har det vore ei stund sidan Tikkio-sjefen har opplevd. No startar aktiviteten å ta seg opp att for bedriftene som er avhengig av arrangement i kulturlivet. Foto: Tikkio

Starta med «irritasjonspunkt»
Tikkio spring ut av Momentium-miljøet som også er medeigarar i selskapet. Aarseth fortel korleis dei fann fram til nokre «irritasjonspunkt» som dei tok utgangspunkt i då dei starta opp.

– Desse var høg pris, dårleg plattform, bindingstid og avtalar om eksklusivitet. Så gjorde vi det heilt annleis, med låge prisar og heilt utan binding, fortel han.

– Vi vil også levere noko meir enn berre en transaksjonsteneste, ved å gjere arrangørane våre betre, legg han til.

Oppretta donasjonsteneste
Då pandemien sette heile bransjen deira ut av spel, brukte Tikkio berre nokre dagar før dei var i gong med å lage ein donasjonsteneste. Der kunne folk støtte arrangørane sine økonomisk.

– Det har vore eit unntaksår på alle vis og dei trengde oss meir enn nokon gong. Sjølv om vi har tapt pengar, så trur eg at vi har bygd omdømme, fortel Aarseth.

Publisert: 19.06.2021 05:55

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:36

Mer om