Båtbyggjar Maritime Partner i Breivika i Ålesund henta ny eigenkapital både i desember 2023 og august 2024.
I november i fjor vedtok dei å gjennomføre nok ei kapitalutviding, etter eit tøft 2023.
Dei to første kapitalutvidingane styrka eigenkapitalen med 26,8 millionar kroner, gjennom ein kombinasjon av omgjering av gjeld til aksjar og innskot av nye pengar. I fjor haust gav og ein aksjonær eit lån på fem millionar kroner til selskapet.
Det går fram av årsrekneskapen for 2023, som no er offentleg tilgjengeleg.
Henta inn nye 20 millionar
Den tredje kapitalutvidinga var på 20 millionar kroner og vart gjennomført før årskiftet, seier dagleg leiar Torstein Heggstad i Maritime Partner til Nett No.
Den siste kapitalutvidinga og ein ny avtale med Sparebanken Møre gjer at Maritime Partner ikkje lenger er i brot med lånevilkåra, ifølgje Heggstad.
Volstad aukar
Eivind Volstads selskap Voldstad blei største aksjonær i Maritime Partner i kapitalutvidinga i desember 2023, og har auka eigarandelen sidan.
I den siste kapitalutvidinga gjekk Volstad inn med halvparten av emisjonsbeløpet og eig no knappe 50 prosent av Maritime Partner, ifølgje Heggstad.
La om drifta etter nytt minus
Maritime Partner byggjer alt frå små rednings- og arbeidsbåtar til båtar til større sightseeingfartøy brann- og ambulansebåtar. Per i dag har selskapet 49 tilsette.
2023 viser eit underskot på 33,5 millionar kroner i 2023 (sjå tabell under).
Slike tal skal det blir slutt på, ifølgje årsmeldinga:
«Selskapet har lagt om sine rutiner for kalkyler og innkjøp og foretatt betydelige endringer med hensyn til produksjon og prosjektgjennomføring og prognoser viser at selskapet de neste 3-4 årene er i posisjon til å levere betydelige resultater», skriv styret i årsmeldinga.
Mange oppdrag
I løpet av 2024 har Maritime Partner inngått så mange kontrakter at selskapet har arbeid langt inn i 2028.
Det har medverka til at selskapet i november 2024 sette i gang den tredje kapitalutvidinga på 12 månadar. Årsmeldinga opplyser ikkje kor stor kapitalutvidinga skulle vere.
Pengane skal «sikre finansiering av en betydelig ordrebok og ambisjoner om organisk vekst», heiter det i årsmeldinga.
Maritime Partner as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 233,5 | 182,8 |
Driftsresultat | -27,9 | -0,5 |
Resultat før skatt | -33,5 | -4,5 |
Publisert: 08.01.2025 11:11
Sist oppdatert: 08.01.2025 22:15