Maritime Partner montasje Torstein Heggstad foto Maritime Partner Ogne 11
FÅR NY MAJORITETSEIGAR: Maritime Partner-sjef Torstein Heggstad gler seg over å få inn Volstad-familien som nye investorar i båtbyggjarverksemda. Foto: Maritime Partner/Ogne Øyehaug
Nytt

Får inn Volstad som største eigar

Familieeigd investeringsselskap satsar på Maritime Partner.

Marius Rosbach
09.01.2024

Maritime Partner i Ålesund har henta inn 15 millionar kroner i ny eigenkapital og riggar selskapet for vekst. Volstad-familien kjem inn som største eigarar i båtbyggjarselskapet i Breivika med ein eigardel på kring 34 prosent.

Tidlegare Maritime Partner-sjef Peder R. Myklebust er mellom dei som investerer vidare i selskapet. Det er også noverande dagleg leiar i selskapet, Torstein Heggstad, som går inn på eigarsida.

– Vi er veldig glade for å ha fått med Volstad-familien på laget. Dei har masse erfaring frå offshore, seismikk og fiskeri. Det betyr at vi ikkje berre har fått ein finansiell investor, men også ein industriell investor som kjenner marknaden og forstår produkta, seier Heggstad til NETT NO.

– Vi er stolte av at dei vil bruke ein del av pengane sine på oss, og veldig glade for å få med kompetansen, legg Heggstad til.

Espen Volstad Foto Volstad 11
HAR VORE KUNDE: Volstad-familien har tidlegare vore kunde av Maritime Partner og kjenner både selskap og marknaden godt, seier Espen Volstad om bakgrunnen for investeringa. Foto: Volstad

Frå shippingselskap til investeringar
Torstein Heggstad har sjølv bakgrunn frå Eivind Volstad-reiarlaget, som i januar 2021 selde sin siste båt, trålaren Volstad. Tidlegare hadde dei seld ut heile offshoreflåten i selskapet.

I etterkant er den familieeigde verksemda blitt eit investeringsselskap med Eivind og Espen Volstad «ved roret». Elisabeth Volstad er også med på eigarsida.

– Maritime Partner har vore gjennom nokre tøffe år i ein turbulent marknad, og lønnsemda var mykje betre for nokre år sidan. Vi meiner det er eit stort potensiale for at dette skal bli ei lønnsam bedrift med ei lys framtid. Vi gler oss til å jobbe saman med Torstein og teamet i Breivika, seier Espen Volstad til NETT NO om investeringa.

Tidlegare har Volstad-familien vore på «den andre sida av bordet» som kunde av Maritime Partner. Dei kjenner difor godt til både selskapet og marknaden frå tidlegare.

– Vi trur dette kan bli veldig bra. Samtidig er det lokalt og i ein bransje som står nært hjartet i våre investeringar, seier Volstad.

Vi trur dette kan bli veldig bra. Samtidig er det lokalt og i ein bransje som står nært hjartet
Espen Volstad
Maritime Partner Alusafe 1215 FRB
SERIE TIL DANMARK: Maritime Partner skal levere i alt sju 12 meter lange båtar til den danske redningstenesten. Oppdragsgivaren har tidlegare kjøpt heile 13 båtar frå ålesundselskapet. Foto: Maritime Partner

Nytt underskot – større ordrebok
Etter seks år med underskot håpte Maritime Partner-sjefen på eit pluss i 2023. Slik vart det ikkje – og Heggstad fortel at det truleg blir nye minustal etter eit fjoråret prega av omstilling.

Eit lyspunkt er at ordreboka veks i løpet av 2023. Bedrifta avslutta fjoråret med å levere ein svært hurtiggåande redningsbåt til den danske kystredningstenesta.

Det var den første av i alt sju slike båtar som Maritime Partner skal levere til Dalo – som står for Danish Acquisition Logistics Organization.

Leverer serie til dansk redningsteneste
Båten av typen Alusafe 1215 FRB kan komme opp i ei toppfart på 45 knop, og er spesialbygd for å kunne rykke ut i all slags ver.

Båtane til den danske redningstenesta er vannjetdrivne med motorar frå FPT Industrial og Frydenbø Industrier. Dei oppfyller Tier III-krava som EU har pålagt skipsindustrien, og som reduserer NOX-utsleppa betydeleg. Å fjerne CO-utsleppa er framleis ei utfordring for denne type fartøy.

Heggstad fortel at krava til hurtigheit og rekkevidde gjer det vanskeleg med elektrisk batteridrift, eller andre type teknologi tilgjengeleg i dag.

– Her har vi ikkje kome langt nok i det grøne skiftet enno, men vi strekk oss heile tida etter å bygge så berekraftig som mogleg innafor operasjonsmønsteret til båtane, seier han.

Publisert: 09.01.2024 13:51

Sist oppdatert: 16.01.2024 21:46

Mer om