Dag Tore Hagen Margrete Sørensen Møbelringen Hovdebygda foto Ogne
VEKST: Dag Tore Hagen og Merete Sørensen driv Møbelringenbutikken i Hovdebygda.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tregare i møbelbutikkane

Tre av fire møbelbutikkar som la fram 2022-tal i førre veke hadde ein tilbakegang i fjor.

13.06.2023

Frå 2020 til 2021 auka møbelhandlarane på Nordvestlandet inntektene med over 10 prosent. Resultatmarginen, som er resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene, steig frå 9,1 i 2020 til 10,6 prosent i 2021.

Reiserestriksjonar på grunn av kornoapandemien medverka til at både 2020 og 2021 blei gode år for møbelbransjen, medrekna butikkane. Når folk brukte mindre pengar på ferie- og fritidsreiser brukte dei pengar på oppussing og nye møblar i staden.

Omslag i februar
- No ligg vi ganske langt bak fjoråret, seier dagleg leiar og medeigar Åge Olsen i Olsen Møbler om korleis det har gått hittil i år. Han eig og driv Fagmøbler-butikken i Molde.

Omslaget kom i februrar i år, ifølgje Olsen.

10 prosent opp
Merete Sørensen og Dag Tore Hagen er medeigarar i og driv Møbleringenbutikken Møbelhuset Ørsta i Hovdebygda. Den er den einaste av dei fire butikkane som auka driftsinntektene frå 2021 til 2022.

Også i år er det vekst, opp omlag 10 prosent i driftsinntekter, ifølgje Dag Tore Hagen. Han reknar imidlertid med redusert lønsemd på grunn av auka kostnadar.

Hagen og Sørensen eig Møbelhuset Ørsta saman med Øyehol-familien i Ulsteinvik. Øyeholfamilien eig og Øyehol Varehus, som driv Møbelringenbutikk i Ulsteinvik.

Sandane Møbel er også Møbelringenbutikk, eigd 51 prosent av Førde Varehus og Frode og Verner Holvik, med 25,5 prosent kvar.

Møbelhuset Ørsta as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt26,326,1
Driftsresultat4,55,0
Resultat før skatt4,85,0
Øyehol Varehus as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt20,021,6
Driftsresultat2,93,6
Resultat før skattt2,93,6
Sandane Møbel as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt7,68,1
Driftsresultat0,40,7
Resultat før skatt0,40,7
Olsens Møbler as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt13,814,2
Driftsresultat 0,81,7
Resultat før skatt0,81,7

Publisert: 13.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.06.2023 23:51

Mer om