Ida wolden bache norges bank foto nils stian aasheim 1
DIELMMA: Kor mykje meir vil sentralbanksjef Ida Volden Bache auke styringsrenta. Signala ho skal styre etter er sprikande. Foto: Nils Stian Aasheim, Norges Bank.
Analyser

Farevarsel frå industrien

Det kjappe omslaget i marknaden som råka Spilka Industri no i februar er eit farevarsel for fleire.

26.02.2023
ANALYSE

I januar låg Spilka Industri i Ålesund, som lagar beslag og fasadeløysingar, heilt i rute i høve til budsjett.

No er 13 av 72 tilsette på veg ut i permisjon på uviss tid, etter eit brått omslag i marknaden. Færre byggeprosjekt blir sett i gang, og det er det også mange andre aktørar i bransjen som no får merke, ifølgje Spilka-sjefen.

Det er det kjappe omslaget som er det skumlaste.

Finansministeren nytta dei fleste høve både før og etter at statsbudsjettet vart lagt fram i fjor haust, til å fortelje at veksten i den offentlege pengebruken måtte dempast, for å bidra til å halde renta nede.

Noreg Bank har på si side auka renta for å kjøle ned økonomien, og har så langt halde fast på at det blir nye omgangar med renteauke.

Begge deler kan gjerast om på, men om mange bedrifter framover samstundes får ein bråbrems slik Spilka har fått, er faren at det blir for dårleg tid til å justere kursen tidsnok til å unngå ein større nedtur.

Omslaget Spilka opplever no har klare fellestrekk med det møbelbransjen byrja å merke i fjor. Koronapandemien og smitteverntiltaka mot den la ein kraftig dempar på reiseaktiviteten. Då brukte folk meir pengar mellom anna på oppussing og nye møblar i staden - og det blei ein boom for møbelfabrikkane.

Då koronaeffekten var over blei det brems, og etterpå har renteauke og anna kostnadsauke dempa etterspørselen ytterlegare. Koronatida framskunda mange møbelkjøp som ellers ville blitt gjort i fjor haust, i år eller neste år. Det forsterkar nedturen for møbelindustrien ytterlegare no.

I fjerde kvartal vart det sett i gang bygging av 398 bustadar i Møre og Romsdal. Det er ein auke på 43 prosent samanlikna med 4. kvartal i fjor. Det er bra tal sett frå byggebransjen si side og betyr at bransjen har godt med arbeid den næraste tida.

På landsbasis er imidlertid trenden fallande. Den trenden vil truleg også innhente Nordvestlandet, fordi færre nye hus skal byggast etterkvart. Dei samla tala for Møre og Romsdal i 2022, viser sal av 893 nye bustadar (ned 18 prosent frå 2021). Dei byggeprosjekta som er i gang blir ferdige ein dag, og slik det ser ut no er det færre bygg som skal oppførast i neste runde.

Å rekne med draghjelp frå kommunesektoren til byggebransjen er heller ikkje så realistisk.

Renteauken har gjort det dyrare for kommunane å ha lån.

Då blir det mellom anna mindre pengar til å bygge nytt.

Denne veka endra stemninga i rentemarknaden seg. Fleire trur at Norges Bank vil auke styringsrenta i fleire omgangar og til eit høgare nivå enn det som tidlegare har vore den vanlege oppfatninga, skriv Dagens Næringsliv.

Høg prisstigning og framleis god fart i økonomien er ein del av årsaka til stemningsskiftet.

Nordea sende ut ei ny renteprognose fredag der den spår at styringsrenta vil nå 3,75 i sommar, opp frå dagens 2,75 prosent og 0,25 prosentpoeng høgare enn kva Nordea trudde for berre få veker sidan. Framleis høg pris- og lønsstigning, svak krone, framleis god fart i økonomien og ein god bustadmarknad talar for høgare rente, etter Nordea si vurdering.

Sjeføkonom Nejra Macic i Prognosesenteret seier derimot til Dagens Næringsliv at ho framleis meiner at ei ny renteauke frå Noregs Bank blir den siste i denne omgang.

Signala i økonomien som talar for vidare renteauke blir overvurdert og signala som talar for det motsette blir undervurdert, etter hennar vurdering.

- Alt er ikke så rosenraugdt som dei siste renteforventningane kan gi inntrykk av, seier ho til avisa.

Meldinga Spilka kom med denne veka tyder på at det er ei rett vurdering.

Publisert: 26.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 13.03.2023 18:35