Trond Nordstrand Bohus Ålesund 2 foto Ogne 1 og Anne Kristin Øksdal Hammersvik Karl Sunde Møbler og Utstyr foto privat
Trond Nordstrand er sjef for den største møbelforhandlaren på Nordvestlandet, Bohus Ålesund. Anne Kristin Øksdal Hammersvik (innfelt) er sjef for den mest lønsame, Karls Sunde Møbler og Utstyr på Nordfjordeid. Foto: Ogne Øyehaug/Privat.
Nytt

Færre møblar - meir pengar

Koronapandemien snudde ein negativ trend for møbelbutikkane. Også i år ligg bransjen an til vekst.

24.09.2022

Møbelhandlarane på Nordvestlandet ligg an til vekst for tredje år på rad.

Veksten skuldast imidlertid ikkje at folk kjøper fleire møblar, men at møblane har blitt dyrare.

Frå 2019 til 2021 steig prisen på møblar med 11 prosent, ifølgje bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Virke.

I år vil møbelsalet auke med to prosent målt i kroner medan volumet går ned, spår Virke i sin siste konjunkturrapport.

Det blir med andre ord kjøpt færre stolar, bord og sofaer, noko mellom andre Ekornes-konsernet alt har merka.

Betre enn venta
Bohus Ålesund-sjef Trond Nordstrand hadde budsjettert med 10 prosent fall i driftsinntektene i år, men ligg hittil i år tre prosent over rekordåret 2021.

Han ventar framleis at møbelforhandlarane vil oppleve at handelen vil dabbe av utover hausten, og er spent på korleis det går i november.

- November er viktig for det totale utfallet, med «Black Week» og mykje kampanjar, seier han.

I løpet av få år har Bohus Ålesund distansert Skeidar Ålesund, og etablert seg som den klart største møbelforhandlaren på Nordvestlandet.

Bohus i Ålesund har gått frå 56 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 til 79,2 millionar i 2020 og vidare til 86,1 millionar kroner i fjor (sjå resultatoveersikt under).

Auka lønsemd
Selskapet auka også lønsemda frå 2020 til 2021. Resultatmarginen - resultat før skatt i høve driftsinntektene, steig frå 11,7 til 14,4 prosent.

Resultatmarginen for møbelhandlarane på Nordvestlandet samla, steig frå 9,1 til 10,6 prosent. Det er gode tal - og høgt over 2019-nivået. Då var resultatmarginen under to prosent.

Heile åtte av butikkane i NETT NO si resultatoversikt hadde ein resultatmargin på over 10 prosent i 2021. Berre to møbelforhandlarer gjekk i minus.

Eitt av selskapa i minus, Møbelringen-butikken Møbler & Utstyr i Vanylven blei avvikla i fjor haust.

Les resultatsaker under:

Nordfjordeid-selskap med best lønnsemd
Høgast lønsemd har Karl Sunde Møbler og Utstyr på Nordfjordeid (sjå tabell under).

Det er noko så sjeldan som ei frittståande møbelbutikk, utan tilknytning til dei store møbelkjedane. Elles på Nordvestlandet er det berre Møbler og Miljø i Ålesund som ikkje er ein kjedebutikk.
Vi ventar ein nedgang, og den trur vi kjem, men den har ikkje kome til oss enno
Tore Hagen

Karl Sunde Møbler og Ustyr er to forretningar i eitt selskap. Malaravdelinga står for omlag 16 millionar av driftsinntektene på 26 millionar kroner i fjor.

Møbelhandelen står for resten og den relative lønsemda er omlag den same i begge avdelingane, fortel dagleg leiar Anne Kristin Øksdal Hammersvik til NETT NO.

Ventar nedgang
Tore Hagen i Møbelhuset Ørsta, som driv Møbelringen Ørsta, hadde som Bohus Ålesund også budd seg på nedtur i år.

Og som Nordstrand ventar han enno.

- Vi ventar ein nedgang, og den trur vi kjem, men den har ikkje kome til oss enno, seier Hagen.

Møbelbutikkar på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
DriftsinntekterResultat før skatt
Selskap2021202020212020
Bohus Ålesund as86,179,212,49,3
Skeidar Ålesund as65,658,73,33
Bohus Løding as (Molde)41,237,84,12,7
Møbelhuset Blindheim as29,427,22,41,5
Skeidar Molde as26,823,30,80,9
Harald Viken as (Hustadvika)26,822,73,92,7
Møbelhuset Ørsta as26,123,654,7
Karl Sunde Møbler og Utstyr as (Stad)*26,125,66,95,8
Møbler & Miljø as (Ålesund)25,222,12,31,4
Øyehol Varehus as (Ulstein)21,622,43,63,6
Gangsø Eftf as (Kinn)21,116,41,40,7
Slettvoll Ålesund as20,519,42,42,4
Skeidar Ørsta as19,416,9-0,2-0,5
Boland Vika as (Ålesund)14,313,51,71,1
Olsen Møbler as (Molde)14,111,61,70,8
Møbelsenteret Vestnes as8,77,30,40,1
Sandane Møbel as8,17,50,70,6
Møbler og Utstyr as** (Vanylven)87,9-1,2-0,5
SUM489,1443,151,640,3
*Omfattar både møbel- og målarforretning
**Selskapet blei meld oppløyst i oktober 2021

Publisert: 24.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 24.09.2022 07:22

Mer om