Militaere skip foto sjoforsvaret 11
FÆRRE TYPER SKIP: Det norske forsvaret skal ha færre typer skip i framtida. Det skal investerast i fregattar frå Storbritannia, og inntil 28 standardfartøy i to ulike storleikar. Dei skal byggjast av norske verft. Illustrasjon: Sjøforsvaret
Nytt

Meklar er optimist for eksport av forsvarsskip

Trur norske verft kjem til å bygge «ganske mange fleire» enn dei 28 standardfartøya det norske forsvaret har bestilt.

Marius Rosbach
16.03.2026

Clarksons-meklar Vegard Vollsæter er optimistisk for sjansane til at Norge vil lukkast med å selje dei nye standardfartøya til fleire land. 

Det kom fram då han deltok på offshorekonferansen til skipsmeklarselskapet og advokatfirmaet Selmer i Fosnavåg før helga. 

 – Vi trur norske verft skal bygge ganske mange fleire, enn dei 28 standardfartøya det norske forsvaret har bestilt, fortalde han. 

Oppdraget med å bygge dei 28 fartøya – i to ulike storleiker – er allereie eit historisk stort oppdrag for norsk maritim industri. 

Om ein lukkast med å selje skip til fleire land – kan det bli langt større. Meklaren trur oppdraga mest truleg vil gå til ein av dei store verftsaktørane. 

Fleire allierte skal investere i skip
Vollsæter påpeika at ein rekke allierte land har vedteke å bruke store summar for å styrke sjøforsvara sine – og at det norske alternativet truleg vil vere eit attraktivt alternativ for mange. 

Clarkson-meklaren trekte samtidig fram at norske verft er svært konkurransedyktige i kampen om å bygge serviceskip skreddarsydd for vindkraftindustrien og fartøy i offshore. 

Dei er også marknadsleiande når det kjem til leveringstryggleik og låg risiko, påpeika Vollsæter. 

Windea Carnot foto Ulstein Group
NYTT VINDSKIP: Vindskipet som Ulstein Verft opphavleg fekk tinga frå J.P. Morgan, er kjøpt av Bernhard Schulte og blei førre veke overlevert til det tyske reiarlaget. Foto: Ulstein Group

Om nybygg i offshore: – Noko må skje
I innlegget tok Vollsæter i første rekke føre seg korleis utsiktane var for nybygg innan offshore- og vindkraftindustrien – som begge er viktige marknader for norske verft. 

– Snittalderen på flåten startar å bli ganske moden. Dei siste ti år er det bygd veldig lite til denne bransjen. Så noko må skje, sa Vollsæter. 

Han understreka at det ikkje er ratar som vil føre til ei stor bølgje – men at han trur på nybygg etter «ti år med tørke». 

Trøbbel i Tyrkia
Clarksons-meklaren tok også ei runde der han summerte opp korleis det står til hos konkurrentane til norsk maritim industri. 

Tyrkia har vore mellom dei argaste konkurrentane dei siste åra. Men der har dei no vore gjennom svært tøffe år.

Tyrkiske verft har streva med å handtere ei rekordhøg ordrebok, og hatt låge marginar. Vollsæter trur at landet kan gjere eit comeback og påpeiker at dei har stor kapasitet. 

Spania er også ein av konkurrent for norsk verftsindustri, med ein «stødig straum» av nybygg. Spanjolane har framleis fordelen av tax-lease-ordninga – som gjer det rimelegare for reiarane å legge prosjekta sine hit. 

 I polsk verftsindustri er det framleis god aktivitet, spesielt til vindkraftprosjekt i regionen. Dei er likevel ikkje rekna å utgjere ein kommersiell trussel i konkurranse med norske verft, er Clarksons-meklaren si vurdering. 

Kina framleis betydeleg billigare
Kina sin verftsindustri har vore dominerande globalt dei siste ti åra – og er det framleis. Dei har stor kapasitet framover og er også blitt betre på leveringstryggleik. 

Kinesiske verft er framleis betydeleg billigare samanlikna med sine norske konkurrentar. Avhengig av kor vellukka eit byggeprosjekt blir gjennomført, anslår meklarselskapet at det er mogleg for reiarar å spare 10 til 40 prosent ved å velje bygging i Kina. 

India har også ein framveksande maritim industri. 

– Dei er veldig aggressive og viser stor interesse, men det vil ta tid før alt er på plass i India, spår Vollsæter.

Vietnam – der mellom anna Vard har Vung Tau-verftet – er eit attraktivt land grunna låg kostnad på arbeidskraft. Det er likevel eit vanskeleg land å få kontraktar i, ifølgje meklaren. 

Publisert: 16.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 15.03.2026 22:18

Mer om