Salmon Evolutionn oversikt innfelt vidar skjorli foto salmon evolution
UTVIDAR: HR-direktør Vidar Skjørli (innfelt) i Salmon Evolution fortel at dei har godt med søkjarar. I løpet av kort tid skal selskapet starte opp drifta av byggetrinn to på Indre Harøy. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Treng fleire folk til nytt byggetrinn

– Vi har vore privilegerte, seier HR-direktøren i Salmon Evolution om arbeidet med å rekruttere nye tilsette.

Marius Rosbach
17.11.2025

Dei fleste bedrifter slit med å få tak i nok arbeidskraft. Hos lakseoppdrettarane i Salmon Evolution har dei i løpet av dei siste fire åra tilsett 50-60 nye personar – og framleis er det godt med søkjarar. 

– Vi har vore privilegerte og folk har søkt seg til oss, fortel HR-direktør Vidar Skjørli til Nett No. 

Han påpeiker at dei er eit tverrfagleg selskap som treng folk til alt frå akvakultur, biologi og kjemisk prosessarbeid, til automasjon og IKT. Dei har også tilsett fagfolk som vedlikeholdsteknikare innan mekanikk og automatikk.

Er oppe i over 90 tilsette
No ser selskapet etter fleire folk i samband med at byggetrinn to av anlegget for landbasert oppdrett blir teke i bruk i løpet av kort tid. 

I løpet av de neste månaden skal anlegget bli testa. 

– Vi er i gong med å styrke organisasjonen med folk til å drifte den nye delen av anlegget. Vi har fått på plass alle vi har hatt behov for så langt, legg Skjørli til. 

For augneblinken har selskapet i overkant av 90 tilsette. 

Skjørli fortel at dei treng operatørar, samtidig som fleire funksjonar blir spissa fordi det er behov for fleire operasjonar og meir vedlikehald.

Salmon Evolution laks i tank foto Salmon Evolution
PRISFALL SVIR: Prisfallet på laks svir for Salmon Evolution som har fått 31 kroner mindre per kilo i år enn i fjor. Selskapet håpar på prisauke framover. Foto: Salmon Evolution

Satsar på studentar og lærlingar
HR-direktøren opplever at selskapet har ei sterk merkevare. Samtidig legg dei ned betydelege ressursar for å sikre at det held seg slik. 

– Vi samarbeider med fleire andre aktørar og tek mellom anna inn studentar i praksis for at dei skal få innsyn i sjømatbransjen, seier han. 

Dei har også vore bevisste på å ta inn lærlingar frå starten. I dag har dei ni lærlingar i arbeid og er godkjent lærebedrift for fleire ulike fag. 

Mål om dobling av kapasiteten
I 2020 sette Salmon Evolution spaden i jorda for første byggetrinn av sitt anlegg for landbasert oppdrett av laks på Indre Harøy. Den første laksen blei slakta i november 2022. 

– Eg opplever at jobben er like spennande som då eg starta, og at vi framleis er i ein tidleg fase, legg Skjørli til. 

Med byggetrinn to er det kome på plass til saman 24 enorme «fiskekar» på Indre Harøy. Det store betongkonstruksjonane har ein diameter på 28 meter og høgde på 13 meter. 

I full drift kan anlegget produsere kring 18.000 tonn laks årleg. 

Byggetrinn nummer tre er også under planlegging. Ferdig utbygd vil anlegget då ha kring dobla produksjonskapasitet på kring 36.000 tonn årleg. 

Publisert: 17.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 17.11.2025 08:53

Mer om