Bør vi lære islandsk på skulen?
Er det realistisk å vente at Nordvestlandet kan få fram eigarmiljø som er sterke nok til å styre bedrifter som blir internasjonalt leiande i sin bransje?
ANALYSE:
Via omvegar om Tyskland og Oslo er både Optimar og Mørenot no på islandske hender. I tillegg har islandske Marel og nordvestlandske MMC First Process blitt tette samarbeidspartnarar.
Optimar, Mørenot og MMC First Process lagar utstyr og anlegg til fiskeri, oppdrett og fiskeindustri. Alle har adresse på Nordvestlandet og har lenge hatt ambisjonar om vekst, også i utlandet.
Ulrik Smith og investorkollegaene i norske FSN Capital såg for seg å utvikle Mørenot til å bli den største utstyrsleverandøren internasjonalt og deretter gå på børs. Det ville vere den optimale utgangen på investeringa dei gjorde i Mørenot i 2018.
FSN Capital hadde utkonkurrert den islandske utstyrsleverandøren Hampidjan i bodkampen om Mørenot i 2018, men i 2022 kom Hampidjan attende og kjøpte Mørenot frå FSN Capital, og innlemma Mørenot i Hampidjan-konsernet.
Optimar vart tyskeigd i 2017, men no har eit investeringsselskap eigd av det islandske Samherji-konsernet tatt over.
Denne artikkelen er ingen klagesang over islandske eigarar eller investeringsfond, men berre ei påpeiking av faktum: To selskap som kunne hatt norske eigarar i førarsetet og som kunne reist ut i verda og innlemma utanlandske selskap i sine konsern, er i staden sjølve blitt kjøpt opp av to av sine islandske konkurrentar i same bransje.
For både Optimar og Mørenot kan dei islandske eigarane vere ei lukke. Begge selskapa har no eigarar som kan bransjen, og som i tillegg har kapital, ein marknad og eit nettverk. Dei er med andre ord såkalla industrielle eigarar. Industrielle eigarar har eit lengre perspektiv enn investeringsfond, som typisk blir sittande som eigar i 5-7 år før eit vidare sal.
Så lenge verksemdene er på Nordvestlandet er det bra for regionen om Optimar og Mørenot gjer det godt, uavhengig av eigarskap.
Utanlandsk eigarskap kan og vere ei velsigning i tøffe tider. Det er italienske Fincantieri eit døme på. Fincantieri har halde Vard-verfta flytande gjennom fleire år på rad med milliardunderskot.
Salsgevinstar frå sal til utlandet kan og gi positive ringverknader, som salet av Optimar i 2017 er det beste dømet på.
Næringslivet på Nordvestlandet lukkast med mykje, og det veks fram nye idear og bedrifter.
Spørsmålet er om det er realistisk å vente at Nordvestlandet også vil lukkast å få fram eigarmiljø som er store og sterke nok til å styre bedrifter som blir dei internasjonalt største og leiande i sin bransje.
At den norske formueskatten er innretta slik at den er ei ulempe for norsk eigarskap samanlikna med utanlandsk er sjølvsagt ein faktor, men neppe den heile.
Dess større selskap, dess meir kapitalkrevande verksemd. På eit eller anna tidspunkt passerer slike selskap nivå som utelukkar det store fleirtalet av potensielle eigarar.
Det er og eit spørsmål om interesse. Då investeringsfondet Credo og Optimar-grunnleggarane selde Optimar til tyske Haniel i 2017, var det påfallande lita interesse frå andre norske investorar, seier Pål Brynsrud i Credo til Nett.No.
Sjølv om islendingane er få, har dei ein fordel i sjømatsamanheng. Fiskeri er relativt mykje viktigare for islendingane enn for nordmenn sjølv om den norske sjømateksporten er større. Det garanterer for interesse. I Noreg er interessa mindre sjølvsagt.
Publisert: 03.03.2024 05:00
Sist oppdatert: 02.03.2024 20:07