Tung satsing på lett grunnstoff
Ålesund-selskap starta med å satse på internasjonale partnarar og lokale investorar, framfor børs.
Ei rekke hydrogenselskap har valt å gå på børs for å bygge kapital. Ålesund-baserte Norwegian Hydrogen har førebels valt annleis. I staden sikta dei seg direkte inn mot store industrielle investorar, og lukkast.
– Om vi trudde tilgangen på kapital var betre på børs, hadde vi gjort det, seier Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge – som held døra ope for børsnotering seinare.
Selskapet som har Flakk-familien i Ålesund som største eigar, har også fått inn to store internasjonale selskap som store medeigarar i satsinga.
Om vi trudde tilgangen på kapital var betre på børs, hadde vi gjort det
Japanske Mitsui er eit stort industri- og shippingkonsern som kom inn i 2022. Hausten 2023 kom australske Fortescue inn som investor. Konsernet vinner ut jernmalm i Australia og utviklar teknologi, som skal gjere det råd å gå over til energi som ikke gir utslepp av CO2,
Hofseth International og Tafjord Kraft er også med som betydelege investorar.
– Eg kan ikkje tenke meg ein betre kombinasjon av eigarar, seier Berge.
Milliardsatsing på Ørskog
Om alt går etter planen vil selskapet om få år opne eit av dei største anlegga i Norden for produksjon av grønt hydrogen på Ørskog.
– Vi er svært optimistiske. Dette er eit modent prosjekt med stort potensiale, seier Berge.
Planen var først å starte i det små og skalere opp anlegget etter kvart som etterspurnaden vaks i heimemarknaden. Etter at dei vart kjende med skipsløysinga til Provaris Energy, vart satsinga oppjustert betydeleg.
– Dei har utvikla eit konsept for å transportere hydrogen med skip til Europa. Då vart det ikkje lengre snakk om å levere til maritime kundar og lastebilar lokalt, men at vi kunne spele ei rolle i EU sine planar om å importere ti tonn hydrogen årleg innan 2030, fortel Berge.
I staden for ei investering på nokre hundre millionar, vil Norwegian Hydrogen investere fleire milliardar kroner i anlegget på Sunnmøre. Målet er å produsere opptil 40.000 tonn hydrogen årleg.
Les også
– Har ei fantastisk moglegheit
Hydrogen er peika ut som ein viktig del av energimiksen som trengs for å nå måla om lågare klimautslepp.
På område der det ikkje er mogleg å nytte seg av direkte elektrifisering, kan hydrogen bidra til å kutte store utslepp. Regjeringsutnemnde «Klimautvalget 2050» er mellom dei som meiner langtransport til sjøs, er spesielt godt eigna for bruk av hydrogen.
– Norge har ei fantastisk moglegheit til å bli den leiande nasjonen innan produksjon av grøne drivstoff. Og vi har kan utvikle alle løysingane som skal til for å ta i bruk denne typen energibererar.
For å kome dit meiner Norwegian Hydrogen-sjefen norske styresmakter bør nytte tilsvarande verkemidlar som blei nytta til å få fleire el-bilar på vegane, med storstilt subsidiering.
– Hadde vi fulgt den oppskrifta på hydrogen, med eit meir kraftfullt og effektivt privat-offentleg spleiselag hadde vi vore langt på veg allereie, legg han til.
Lengst framme i løypa
Drygt tre år etter at Norwegian Hydrogen blei starta opp, er dei kring 25 tilsette i sving med å etablere produksjon ein rekke plassar både i Norge og utlandet.
– Vi har veldig mange prosjekt i Norden som ligg i «gryta», og vert utvikla og modna, seier Berge.
Per i dag er det ingen andre norske hydrogenselskap som har gitt grønt lys til fleire faktiske investeringar i anlegg.
Klare for drift i Danmark
Det første som kjem i drift er eit samarbeidsprosjekt danske Hjørring. Der er sjølve hydrogenanlegget klar til drift. Så snart resten av anlegget som nyttar vindkraft og biogassproduksjon er klart, startar produksjonen.
Den neste hydrogenfabrikken som ligg an til å starte opp, er på Hellesylt. Her kjem dei truleg i gong i første halvår 2024.
Norwegian Hydrogen har også etablert dotterselskapet Vireon, som vil bygge eit nettverk med fyllestasjonar for hydrogen til tungtransport. Fleire stasjonar er allereie under bygging.
Reiarane meiner risikoen er høg
Trass i planar og politiske festtalar om hydrogensatsing, er marknaden knapt eksisterande. Berre ein handfull lastebilar køyrer med hydrogen på tanken her til lands. Og Norled-ferja MF Hydra er eitt av to-tre fartøy i verda som seglar ved hjelp av hydrogen.
– Støtteordningane er etablert med gode intensjonar, men støttegraden er for låg, og dekker for lite av kostnaden, meiner Berge.
Han meiner «det er fantastisk» at Enova har fått nær to milliardar kroner til hydrogenprosjekt til sjøs. Men ved utgangen av 2023 har ingen av reiarlaga som er innvilga støtte, bestemt seg for å faktisk bygge eit fartøy.
I dag får reiarane dekka 50 prosent av ekstrakostnaden ved å satse på skip som seglar på hydrogen.
– Vi meiner dei aller første prosjekta bør få ei støtte på 80-90 prosent av ekstrakostnaden for at noko skal skje, seier Norwegian Hydrogen-sjefen.
– Må kjenne vår besøkstid
Eit anna grep som er sterkt ønska frå bransjen, er så kalla differansekontraktar. Det betyr at staten subsidierer prisforskjellen mellom fossilt drivstoff og hydrogen i ein overgangsperiode.
Berge meiner det er nødvendig for å sikre at nok kundar er klare til å nytte hydrogenet når produksjonen kjem i gong. Om ikkje tempoet blir skrudd opp fleire hakk, fryktar han at Norge hamnar bakpå i hydrogenkappløpet.
– Det skjer veldig mykje andre plassar i verda, og vi må kjenne vår besøkstid som nasjon om vi vil bygge eit nytt industrieventyr på dette området, seier han.
Publisert: 28.12.2023 05:00
Sist oppdatert: 27.12.2023 14:10