Første av tre milliardskip er klare
Statsrådar, forsvarstoppar og Vard-leiinga mellom dei som skal feire dåp av nytt kystvaktskip. Justisministeren er gudmor.
Onsdag skal det første av forsvaret sine tre kystvaktskip døypast. Det 136 meter lange skipet vil få namnet «Jan Mayen», og blir etterfølgt av skipa «Bjørnøya» og «Hopen» i 2023 og 2024.
Skipa som blei bestilt juni 2018 har ein prislapp på 7,2 milliardar kroner (i 2022-verdi) – som tilseier kring 2,4 milliardar per fartøy.
Ministrar på besøk
Til dåpen ved Langsten-verftet
til Vard er det venta ein høytståande delegasjon med forsvarsminister
Bjørn Arild Gram og justis- og beredskapsminister Emile Enger Mehl.
Sistnemnte er også gudmor for skipet.
Til seremonien kjem også Gro Jære som er direktør for Forsvarsmateriell og sjef for Sjøforsvaret Rune Andersen, i tillegg til konsern- og verftsleiing frå Vard.
Følget med ministrane kjem til verftet i Tomrefjord med
kystvaktfartøyet Andenes, før det blir møte med pressa om bord i kystvaktskipet og dåpsseremoni.
Ein rekke lokale selskap
Tidlegare anslag viser at kring 80 prosent av utstyret på dei nye kystvaktskipa kjem frå norske selskap.
Nærare 20 lokale leverandørar frå Nordvestlandet er mellom dei som er involvert med oppdrag. Det inkluderer alt frå Jets i Hareid, motorfabrikken Nogva ved Søvika, fleire Ulmatec-selskap og metallselskapet Gurskøy i Sande.
Kongsberg Maritime er mellom dei som leverer mest utstyr om bord på dei avanserte militærskipa. Fleire Vard-selskap er også mellom leverandørane, i tillegg til ålesund-selskapa Bunker Oil, Ålesund Armatur og Tyrholm & Farstad.
Dei kring 136 meter lange og 21 meter breie skroga blir bygd ved Vard-verftet i Romania. Skroget til skip nummer to, «Bjørnøya», kom til verftet i vår.
Har gitt betring i Vard-økonomien
Investeringa i dei tre skipa er ein av dei største investeringane til
sjøforsvaret nokon gong, og gir betydeleg med arbeid til verftskonsernet
Vard.
Oppdraget ga utslag i auka omsetning i forretningsområdet offshore-og spesialskip, då eigarane i Fincantieri leverte sine siste kvartalstal. Lønsemda er også gradvis betra i dette forretningsområdet.
Undervegs har Vard hatt kring 400-500 arbeidarar i sving på prosjektet frå eigne selskap og underleverandørar.
Publisert: 15.11.2022 05:00
Sist oppdatert: 15.11.2022 00:17