Brann Vard Langsten kv Hopen Foto NETT no tipsar
KRAFTIG RØYKUTVIKLING: Det oppstod kraftig røykutvikling som følgje av brannen ombord i kystvaktskipet under bygging ved verftet i Vestnes. Foto: NETT.NO-tipsar
Nytt

Brann om bord i kystvaktskip hos Vard

Fleire hundre tilsette evakuert ved Langsten-verftet.

Marius Rosbach
27.10.2023

Naudetatane rykka fredag ut til Vard sitt verft i Tomrefjorden etter at det vart meldt om røykutvikling frå eit fartøy til kai.

Bilde frå staden viser at det dreiar seg om eitt av kystvaktskipa verftet har under bygging.

Brannen starta ifølgje politiet i batterirommet.

– Vi har lokalisert brannen og fått kontroll. Nå jobbar vi med å hindre spreiing av meir røyk i skipet og kjøle ned batteriet, fortel Helge Myrvoll-Lunde hos 110-sentralen til NETT NO klokka 10.15.

Han fortel at det var fleire folk om bord på skipet då det starta å brenne, og desse blei evakuert.

Alle tilsette evakuert
Kommunikasjonssjef Anne-Bente Skjellum i Vard fortel til NETT NO at det er for tidleg å seie om brannen vil gå utover framdrifta for å få skipet ferdig.

– Alle 320 tilsette på Vard Langsten blei evakuert og alle er no på veg inn igjen, seier ho.

Skipet som er råka er det tredje kystvaktskipet verftet har under bygging, og skal etter planen bli døypt KV Hopen når det er ferdig.

To personar til sjekk
Den første meldinga frå politiet i Møre og Romsdal om brannen kom rett før klokka 9.30.

Mannskap frå både Helland og Tomrefjord har rykka ut til staden, ifølgje ei melding frå 110-sentralen for Møre og Romsdal. Klokka 09.40 opplyste 110-sentralen at dei hadde sendt inn røykdykkar på staden.

Det er ikkje meldt om personskadar i samband med brannen, men to personar vart utsett for røyk og blir sjekka av helsepersonell.

Publisert: 27.10.2023 10:01

Sist oppdatert: 27.10.2023 14:02

Mer om