Fornya satsing paa Bacalaofabrikken
BACALAO: Bacalaofabrikken merkar auka sal av bacalaoen i år, men kjem snart også med nye produkt. Foto: Bacalaofabrikken
Nytt

Trur på auka sal til hausten

Åttande året med tap for Bacalaofabrikken, men eigarane er optimistiske.

18.07.2022

- Det er krevjande å bygge opp merkevare og marknad, men vi har tru på at tolmod løner seg.

Det seier Jan Endre Vartdal, som saman med broren Sindre Vartdal står bak Bacalaofabrikken i Barstadvika.

Selskapet gjekk på eit nytt tap i 2021, det åttande året på rad med raude tal.

Omsetninga gjekk ned frå 6,0 millionar i 2020 til 4,9 millionar kroner i fjor, og resultat før skatt vart på minus 1,5 millionar.

Bacalaofabrikken
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 4,9 6
Driftsresultat -1,3 -1,3
Resultat før skatt -1,5 -1,3

Nye produkt og auka sal
Eigenkapitalen var ved årsskiftet på minus 1,8 millionar kroner, ogd en langiktige gjelda på 3,2 millionar kroner, men eigarane vil om nødvendig gå inn med friske midlar om det vert behov for det.

Jan Endre Vartdal seier at det ser betre ut i år.

- Vi har no ein jamn auke i salet av vår bacalao både mot daglegvare og Horeca (den delen av næringslivet som lagar og og serverer mat og drikke, red merk).

Han seier at selskapet no også kjem med nye produkt.

- Utover hausten forventar vi på auka sal av vår bacalao, samt andre eksisterande og nye spennande produkt som er retta både mot dagens marknad og nye marknader.

Publisert: 18.07.2022 08:58

Sist oppdatert: 18.07.2022 08:57

Mer om