Harald Strømmegjerde Brennevinsgrova foto Ogne
Harald Strømmegjerde er grunnleggar og eigar av Brennevinsgrova. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vekstprognose på 50 prosent var undervurdering

Harald Strømmegjerde har fått ein pangstart på 2022.

29.04.2022

Strømmegjerde starta brenneriet Brennevinsgrova i garasjen heime på Straumgjerde i Sykkylven seint på hausten 2019, og hadde sitt første heile driftsår i 2020. Då selde han for 1,7 millionar kroner. I fjor fekk han innpass i fem taxfree-butikkar og auka salet til 2,3 millionar kroner (sjå tabell).

I år ligg han an til å passere 3,5 millionar kroner med god margin.

-Veldig bra, seier Strømmegjerde om starten på 2022.

- Det er lagt opp til ein beskjeden vekst på 50 prosent, men det ser ut til at det stig mykje meir, seier han.

Deltidsarbeid
Strømmegjerde starta Brennevinsgrova som eit deltidsprosjekt. Han kombinerer arbeid i møbelbransjen og med uløna arbeid på fritida i brenneriet, og slik er det framleis.

Opphavleg vurderte han å satse på ølbrygging, men kom til at det var for trangt om plassen i bryggeribransjen. Han satsa på brennevinet gin i staden, og vil også inn i whisky-marknaden.

Til sommaren har den første whiskyen frå Brennevingrova ligge tre år på tønner. Om alt klaffar kan litt av den vere ute i marknaden i utvalde utsal i løpet av andre halvår i år.

Brennvinsvekst
Ølbryggjarane på Nordvestlandet var først ute med å etablere seg, med Trollbryggeriet i Liabygda som det første og største.

Etter bryggeribølgja kom brenneribølgja. Dei som satsa der har har hatt større og kjappare vekst enn ølbryggarane.

Gardsbrenneriet ved Sandane i Gloppen har allereie passert bryggeria på Nordvestlandet i driftsinntekter, og med den veksttakten Brennvinsgrova har i dag kan også det selskapet blir større enn bryggeria.

Brennevinsgrova as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt2,31,7
Driftsresultat0,80,8
Resultat før skatt0,80,7

Publisert: 29.04.2022 09:00

Sist oppdatert: 27.05.2022 09:28

Mer om