Vekst og generasjonsskifte for Sunnmoersmat
NY REKORDOMSETNING: Frå garden på Haramsøya driv familien bedrifta som produserer egg i stor skala. I fjor tok Håkon Haram (innfelt t.h.) over som dagleg leiar etter faren Rune.
Nytt

Rekordår med ny generasjon i sjefsstolen

Framleis vekst for Haramsøy-bedrift – som i fjor utvida eggproduksjonen til Zanzibar.

Marius Rosbach
19.04.2022

Familiebedrifta Sunnmørsmat fekk ny rekordomsetning i fjor og held stø kurs med ein ny generasjon i sjefsstolen, ifølgje årsrapporten.

Rune Haram starta opp selskapet for om lag ni år sidan, og i fjor tok sonen Håkon over som dagleg leiar. Det første året med en ny generasjon gjekk bra.

Selskapar hadde kraftig vekst i omsetninga året i forvegen, og heldt inntektene oppe på kring 4,3 millionar kroner. Det er ny rekord med nokre få titusen kroner (sjå tabell under).

Driftsoverskotet på nær 800.000 kroner, gir ein driftsmargin på solide 18 prosent.

Samarbeider med andre gardar
Mange på Nordvestlandet er kjent med dei gule eggepakkane frå bedrifta som i løpet av fjoråret kom for sal i kring 100 daglegvarebutikkar.

Haram-familien samarbeider med andre gardar gjennom selskapet Sunnmørsmat, som driv sal og marknadsføring av hovudproduktet Sunnmørsegg. I tillegg driv dei eigen gard – som eldstesonen Erling – har teke over. Rune Haram har også ei dotter som óg er med som eigar.

Eggproduksjon på Zanzibar
I løpet av fjoråret starta også Haramsøy-bedrifta opp eggproduksjon for fullt på Zanzibar. Her har dei bygd opp ein større farm med fleire hønsehus, administrasjonsbygg, lager og veterinærkontor.

Engasjementet på den austafrikanske øygruppa kom i stand via eit prosjekt med hjelpeorganisasjonen Johooo. Utgangspunktet var at dei ville hjelpe lokale til å bygge opp eit nettverk innan eggproduksjon med turistindustrien som marknad.

Samarbeid med Plastfritt Hav
I fjor innleia selskapet se også eit samarbeid med organisasjonen Plastfritt Hav, og tek sikte på nye prosjekt i Aust-Afrika. I samband med dette arbeidet har holdingselskapet til Rune Haram gått inn med ein eigardel på ein tredel i selskapet Sea2energy As.

Tidlegare har bedrifta også produsert og selt kjøt. Rune Haram fortel til NETT NO at dei snart håpar å kome på marknaden att med sitt «Grasfôra Kjøt» og ein «berekraftsburger».

Sunnmørsmat
Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt
4,33
4,29
Driftsresultat

0,8

0,8
Resultat før skatt
0,8
0,8

Publisert: 19.04.2022 13:36

Sist oppdatert: 19.04.2022 13:43

Mer om