Trur robotiseringer berre er i startgropa
FORNYING: Roboten bak Gunnar Johnsen skal vere i fullt arbeid med å lage madrassen hos Wonderland etter sommarferien. Robotane skal fornye måten Wonderland lagar madrassen på. 
Nytt

Trur robotiseringer berre er i startgropa

Inne i verkstadhallen til GJ Machine i Skodje har Gunnar Johnsen bygd opp ein treningsleir for robotar. Etter sommarferien skal dei vere i full sving med å lage madrasser i Wonderland-fabrikken på Åndalsnes.

18.03.2019
Johnsen har skapt eit levebrød av å automatisere og robotisere. No har firmaet hans, GJ Machine i Skodje, ni personar på lønningslista og skal ha fleire.
Det er ikkje berre å sette inn robotar i fabrikkar. Dei skal programmerast og dei skal også stå som ein del av ei produksjonsline for å vere til nytte. Det er det Johnsen og kollegaene arbeider med.
Blant oppdragsgivarane er Wonderland-fabrikken, som er i ferd med å investere 24,5 millionar kroner i å effektivisere produksjonen, mellom anna ved hjelp frå GJ Machine.
I verkstadhallen hos selskapet i Skodje står fleire store robotar frå ABB. Her testar Johnsen ut anlegget som skal bli det neste store steget for madrassprodusenten Wonderland på Åndalsnes, eit anlegg som skal erstatte ei 30 år gamal produksjonsline og automatisere produksjonen nye hakk.
- Vi skal fornye måten vi set saman madrassene i fabrikken, seier Supply Chain Manager Sverre Bersås i Wonderland. Når anlegget kjem i drift etter sommarferien i år kan ein person gjere jobben som tre personar gjere i dag.

Skyt fart

Slikt vil Johnsen ha meir av, og han trur vi berre er i starten av ei utvikling der automatisering og robotisering vil skyte fart.
GJ Machine har og hatt eit fleirårig samarbeid med Vartdal Plast og er nett no inne i eit prosjekt for å automatisere lasting av fiskekasser på lastebilar. Robotane gjer det mellom anna råd å stable fiskekassene heilt til taket på fabrikken og stable om til eit frakteklart lastebil-lass.

Trist i Stordal

Stordal er eksemplet på kor gale det kan gå om næringslivet ikkje automatiserer, meiner Gunnar Johansen.
Nesten heile møbelproduksjonen som var i Stordal er flytta til lavkostland. Den siste som pakka og dro er Helland Møbler, som sa opp mellom 15 og 20 tilsette og flytta produksjonen til Litauen.

I storparten av fabrikklokala i den tidlegare store møbelbygda er det tomt og stille.
- Viss du fer inn i Stordalen så kan du stå og gråte der inne. Eg er overbevist om at hadde dei gjort som Ekornes gjorde så hadde dei levd mange av dei, seier Gunnar Johansen i GJ Machine.
Det Ekornes har gjort er å automatisere og ta robotane inn i fabrikkhallen i eit omfang som førebels gjer bedrifta til ei av dei i Noreg som har kome lengst i å automatisere produksjonen.

Erstattar monotont arbeid

Automatisering er nøkkelen til å kunne konkurrere med produksjon i lavkostland.
- Veldig mykje av automatiseringa vi gjer gjer vi for å få vekk monotone oppgåver. Dei anlegga vi leverer styrkar kundane sin eksistens. Dei klarer å kjempe mot mektige aktørar i lavkostland, seier Johnsen.
Veldig mykje av automatiseringa vi gjer gjer vi for å få vekk monotone oppgåver. Dei anlegga vi leverer styrkar kundane sin eksistens. Dei klarer å kjempe mot mektige aktørar i lavkostland

Publisert: 18.03.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32