Trur vindskip gir ringverknader i klynga
SKIP TIL HAVVIND: Salssjef Lars Conradi Andersen i Havyard Design & Solutions saman med Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy foran skipet som blir det første til denne marknaden bygd på Sunnmøre av ein lokal reiar. 
Nytt

Trur vindskip gir ringverknader i klynga

Rem-sjefen var bevega då reiarlaget igjen kunne melde om kontrakt med Kleven. Og Havyard trur det første «heilsunnmørske» vindkraftskipet vil gi ringverknader.

Marius Rosbach
16.12.2020
Rem Offshore og Kleven har ei lang historie med samarbeid og reiarlaget frå Herøy har bygd kring 20 båtar ved Ulsteinvik-verftet tidlegare.
Onsdag ettermiddag kunne administrerande direktør Fredrik Remøy i Rem Offshore stadfeste at dei har med Green Yard Kleven om å bygge eit vindskip.

– Eg må seie at det er litt rørande og starte vår første reise i ein ny marknad med å bygge på Kleven. Det var slik historia til gamle Rem starta, og no kan vi på eit vis drive hjelp til sjølvhjelp med dette oppdraget til Green Yard Kleven. Det har vore eit veldig viktig verft for oss i mange år, og deira rolle kan ikkje overvurderast, fortel han til NETT NO.
(ekstern lenke)

Første spesialskip til vindkraft

Reiarlaget har to skip i fornybarmarknaden allereie, men dette blir deira første spesialiserte skip for slikt arbeid. Utgangspunktet for vindskipet er det mykje omtala skroget som Kleven har forsøkt selje over lengre tid.
Onsdag kom det fram at reiarlaget allereie i sommar var i kontakt med verftet, og dei har jobba mot ein avtale sidan. Remøy kan fortelje at skipet skal inn i den tyske marknaden, men han kan ikkje opplyse for kven.
Reiarlaget har også tre skip på kontraktar i seismikkmarknaden, og sju PSV-ar, der alle unntatt ein har faste oppdrag frå nyåret.

Havyard har sakna lokale reiarar

Designet, konseptet og mykje av utstyret om bord kjem frå Havyard-konsernet. Salssjef Lars Conradi Andersen i Havyard Design & Solutions var ein glad mann onsdag – av fleire grunnar.

– Vi har sakna å jobbe med lokale reiarar i denne marknaden. Det har vi gjort tradisjonelt, og vi veit at vi saman finn gode løysingar, fortel han til NETT NO.
Dette er tredje gong skroget er selt, etter at den først blei bestilt heilt tilbake i 2014. Også denne gongen var det Havyard som spelte inn byggeprosjektet til reiarlaget, som hadde eit oppdrag dei meinte skipet kunne passe til.

– Trur det vil bety mykje

Andersen meiner avtalen representerer ein milepåle for den maritime industrien på Nordvestlandet. Han viser til at det har vore jobba i mange år før dette første «heilsunnmørske» vindkraftskipet blir ein realitet.
– Vi har jobba med danske kundar og Ulstein-konsernet har jobba med tyske og hollandske kundar, men no er det ein kunde frå Sunnmøre som går inn i dette. Det sett vi utruleg stor pris på. Vi trur det vil bety mykje, også for heile klynga i åra som kjem, at vi no er i gong med dette, legg han til.
Havyard-konsernet har også ei betydeleg utstyrspakke via selskapet Norwegian Electric Systems. Dei skal levere brusystem og kontrollsystem om bord. I tillegg blir det mellom anna oppdrag til Hareid Elektriske, Langset-selskapet - som oppstod som eit resultat av konkursen i sommar, og Vestnes Ocean i Florø.

Les også:




(ekstern lenke)

Publisert: 16.12.2020 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09