Tussa sel Enoek senteret
NY EIGAR: Dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen (t.v)i Enøk-senteret for ein ny eigar o forhalde seg til. Her saman med ansvarleg for klima og energitenester i DNV GL Thomas Haug, enøk-rådgjevar Rune Slenes og enøk-rådgjevar Kristian Sirnes.
Nytt

Tussa sel Enøk-senteret

Nordplan på Nordfjordeid blir ny eigar av Enøk-senteret i Ørsta.

08.09.2016
Enøk-senteret er eit dotterselskap i Tussa-konsernet. No kjøper Nordplan selskapet, i følgje ei børsmelding.
Kjøpesummen er ikkje oppgitt.

Dotterselskapet passar betre for ein annan eigar, seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa til NETT NO.

Energisparing

Enøk-senteret er eit konsulentselskap som arbeider med energisparingstiltak. Selskapet har nyleg fått fleire nye kundar, både i Noreg og utlandet.

Selskapet har kontor i Ørsta og Ålesund og hadde 11,8 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Selskapet har seks tilsette.

Fjordvarme-eigar

Nordplan har i dag om lag 50 tilsette som arbeider innanfor arkitektur, konstruksjon, prosjektadministrasjon, takst, plan og landskap, samferdsel og VA. Hovudkontoret er på Nordfjordeid og avdelingskontor i Ålesund, Førde og Vågå. Nordplan er frå før hovudeigar i Fjordvarme AS på Nordfjordeid. Etter oppkjøpet av Enøk-senteret vil selskapet ha 10 til 12 energirådgjevarar tilgjengelege, i følgje børsmeldinga.
Eitt poeng med kjøpet er å styrke Nordplan sin posisjon på søre Sunnmøre.

Publisert: 08.09.2016 12:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00