Enøk-senteret er eit dotterselskap i Tussa-konsernet. No kjøper Nordplan selskapet, i følgje ei børsmelding.
Kjøpesummen er ikkje oppgitt.
Dotterselskapet passar betre for ein annan eigar, seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa til NETT NO.
Selskapet har kontor i Ørsta og Ålesund og hadde 11,8 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Selskapet har seks tilsette.
Eitt poeng med kjøpet er å styrke Nordplan sin posisjon på søre Sunnmøre.
Kjøpesummen er ikkje oppgitt.
Dotterselskapet passar betre for ein annan eigar, seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa til NETT NO.
Energisparing
Enøk-senteret er eit konsulentselskap som arbeider med energisparingstiltak. Selskapet har nyleg fått fleire nye kundar, både i Noreg og utlandet.Selskapet har kontor i Ørsta og Ålesund og hadde 11,8 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Selskapet har seks tilsette.
Fjordvarme-eigar
Nordplan har i dag om lag 50 tilsette som arbeider innanfor arkitektur, konstruksjon, prosjektadministrasjon, takst, plan og landskap, samferdsel og VA. Hovudkontoret er på Nordfjordeid og avdelingskontor i Ålesund, Førde og Vågå. Nordplan er frå før hovudeigar i Fjordvarme AS på Nordfjordeid. Etter oppkjøpet av Enøk-senteret vil selskapet ha 10 til 12 energirådgjevarar tilgjengelege, i følgje børsmeldinga.Eitt poeng med kjøpet er å styrke Nordplan sin posisjon på søre Sunnmøre.
Publisert: 08.09.2016 12:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00