Tyrkia mindre attraktivt for Havyard
CEMRE: Havyard har ti år bak seg som skrogbyggjar på Cemre-verftet og er framleis solid representert. Her Reidar Nordli (i midten) i spiss for Havyard-staben ved verftet. I bakgrunnen skroget til ringnotbåten Smaragd frå Herøy.
Nytt

Tyrkia mindre attraktivt for Havyard

Havyard har bygt over 30 skrog ved Cemre-verftet i Tyrkia, men ser no andre vegar etter at gevinsten har krympa.

27.11.2014
- Vi vurderer heile tida andre alternativ for å teste konkurranskrafta på dei tyrkiske verfta, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group.
Havyard har hatt eit samarbeid med Cemre-verftet utanfor Istanbul sidan 2005. Bakke seier at tidlegare var det mykje å spare på å byggje skroga i Tyrkia.
- Men siste åra har skilnadene minka. I dag er det berre rundt 10 prosent prisskilnad på eit skrog bygt i Tyrkia og eit i Polen. Det er ikkje lenge sidan det var rundt 20 prosent.
- I tillegg kjem det lengre slepetid og slepekostnader frå Tyrkia enn frå Polen. Polen vert dermed meir aktuelt for oss, seier Bakke.
Havyard har allereie betydeleg aktivitet i Polen.
- Vi har heile tida bygt skrog i Polen parallelt med Tyrkia, så dette er ikkje noko nytt.
- Vi byggjer skroga der vi får det beste produktet basert på pris, tid og kvalitet, seier han.

Ser på Gdynia-verft

Etter det NETT NO kjenner til er det polske Gdynia-verftet Nauta eitt av verfta som Havyard har i kikerten. Dette ønskjer ikkje Bakke å kommentere.
Men inntil vidare er det tyrkiske Cemre-verftet den store skrogbyggjaren for Havyard. Her har også Havyard tolv eigne tilsette designarar og prosjektoppfølgjarar.
Reidar Nordli frå Ænes i Kvinherad har leia avdelinga sidan 2012, men er i dag den einaste norske. Resten er frå Ukraina og Polen.
- Det er ikkje så lett å få nordmenn til å flytte frå familie og busetje seg i lengre perioder i Tyrkia, seier han.

Stor verftssatsing

Cemre-verftet har bygt kraftig ut verftet siste åra, mykje på grunn av samarbeidet med Havyard.
- Eigarane har investert over 30 millionar Euro på oppgraderingar og utvidingar, seier kommersiell direktør Sinan Kavala ved verftet.
- Dette er eit konkret resultat av samarbeidet med Havyard, men også for at vi ønskjer i større grad byggje nøkkelferdige skip.
Etter å ha starta med 20.000 kvadratmeter då verftet etablerte seg på den asiatiske Yalova-sida i 2007, er ein no oppe i 135.000 kvadratmeter og med ei rekkje nye hallar.
1300 tilsette er normalt innom verftsområdet dagleg.

Mange Havyard-skip

Reidar Nordli seier at kvaliteten ved verftet har vorte betre for kvart år. Verftet har også levert nøkkelferdige skip, men Havyard har hittil vald å byggje berre skrog ved verftet.
Mellom dei siste Havyard-skroga som har vorte slept heile vegen frå Cemre til Havyard Leirvik er offshoreskipa Polarsyssel til islandske Fafnir Offshore, African Inspirator til nigerianske Marine Platforms og Olympus til indiske Global Offshore.
I løpet av dei neste fem månadene skal fire nye skrog vere ferdig frå verftet. Først ute er ringnotbåten Smaragd frå Herøy som etter planen skal vere ferdig 14. januar.

Tok inn att det tapte

18. februar skal skroget til eit PSV-skip til islandske Fafnir Offshore vere klart.
- Her var verftet på etterskot, men har klart å hente seg inn att, seier Nordli.
Deretter står skroget til ein russisk isbrytar på programmet før verftet etter planen 8. mai skal levere skroget til ein brønnbåt til Norsk Fiskeindustri.
Dette er søsterskipet til Stormy, ein avansert brønnbåt som Havyard har opplyst at selskapet tapte mykje pengar på.
- Dette må nok fleire partar dele ansvaret for, seier Nordli.

Stort fokus på Volstad-skip

Nyleg signerte Havyard også kontrakt på bygging av to russiske isbrytande offshorefartøy, med opsjon på eit tredje fartøy. To av desse skroga skal byggast på Cemre, eitt på naboverftet Tersan.
Havyard ser seg no meir mot naboverftet, der det vert bygt ei rekkje nøkkelferdige norske skip.
Ikkje minst er det stor interesse knytt til korleis Tersan maktar å løyse oppgåva med å byggje eit avansert offshore konstruksjonsskip til Ålesund-selskapet Volstad Shipping.
- Det kan nok verte aktuelt for oss å gjere meir arbeid ved Tersan, seier Nordli.

Høgare pris ved sal

Han trur likevel at dei fleste reiarane vil velje å utruste skipa ved verftet i Leirvik.
- Det er dyrare å byggje i Norge enn i Tyrkia. Men for reiarane er det også viktig å tenkje på kva dei vil få for skipa ved eit sal.
- Det er framleis slik at det er stor skilnad i prissetjing ved førstegangs sal om eit skip er bygt i Norge enn i Tyrkia, seier han.

Betre kvalitet, høgare kostnader

Sjølv om Havyard ikkje vil låse seg til å bruke Cemre i framtida, seier konsernsjef Bakke at det absolutt kan verte fleire skrog bygde ved verftet.
- Kvaliteten har vorte betre og betre, men samstundes har kostnadene vorte høgare og høgare.
- Det siste har samanheng med det høge aktivitetsnivået i Tyrkia med påfølgjande auke i løner og andre kostnader.
- I tillegg fokuserer Cemre og fleire andre av dei tyrkiske verfta i større og større grad på å bygge ferdige skip og ikkje skrog. Vi ønskjer framleis å utruste skipa i Norge.

Dyre tyrkiske ingeniørar

Men Havyard har no heilt slutta å kjøpe inn ingeniørtenester frå Tyrkia.
- Det vart rett og slett for dyrt, seier Bakke.
I staden har Havyard etablert seg i polske Sopot og i kroatiske Rijeka med 25 tilsette på kvar plass.
I dag er det berre rundt 10 prosent prisskilnad på eit skrog bygt i Tyrkia og eit i Polen. Det er ikkje lenge sidan det var rundt 20 prosent.

Publisert: 27.11.2014 06:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39