Jens Peter Brunstad foto Ogne
MOTBØR: Jens Peter Brunstad byrja som L K Hjelle-sjef i 2020 og var me dpå å snu selskapet til vekst og overskot. No kuttar han kostnadar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tøffare tider for L K Hjelle

Gjekk frå pluss til minus, og kuttar kostnadar.

08.06.2023

Etter ein snuoperasjon som gav vekst og auka lønsemd vart det nytt underskot for L K Hjelle Møbelfabrikk i Sykkylven i fjor.

Renteauke, kostnadsauke og krigen i Ukraina har gjort møbelmarknaden krevande, og selskapet ventar det skal bli meir krevande framover går det fram av årsrapporten for 2022.

Prosjektmarknaden eit lyspunkt
Selskapet sel møblar både til privatkundemarknaden og i den såkalla prosjektmarknaden der kjøparane er bedrifter, organisasjonar og institusjonar.

Prosjektmarknaden har vore eit lyspunkt, men L K Hjelle er redd for at også den delen av marknaden skal bli tyngre.

Selskapet sysselsette 32 årsverk i fjor.

Nybygg og renoveringar på vent
Nybygg og renoveringar er sett på vent på grunn av høg prisvekst, og signala frå marknaden er framleis avventande, står det i årsrapporten.

I første kvartal gjennomførte selskapet det det kalla "kostnadsbesparende tiltak" for å tilpasse kostnadane til ein reduksjon i inntektene.

Nye medeigarar
I åra 2017-2019 var det samla underskotet til selskapet heile 12,2 millionar kroner.

Store endringar blei gjort for å kome ut av stagnasjon og millionunderskot.

Tidlegare dagleg leiar og største aksjonær, Dag Hjelle, fekk inn nye investorar og gjekk sjølv over til å arbeide med produktutvikling. Han er framleis stor aksjonær, med 38,7 prosent av aksjane. Råna Invest, med investorar frå Sykkylven på laget, eig 39,1 prosent.

Jens Peter Brunstad kom inn som ny dagleg leiar i 2020, og i 2021 blei tidlegare Slettvoll-sjef Kristine Landmark styreleiar.

L K Hjelle har mellom anna to møbelklassikarar frå Nordvestlandet i kolleksjonen, Siestastolen og Falcon-stolen, i tillegg til modellar selskapet sjølv har fått utvikla.

L K Hjelle Møbelfabrikk as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt55,353,4
Driftstresultat-0,12,3
Resultat før skatt-0,72,3

Publisert: 08.06.2023 14:07

Sist oppdatert: 08.06.2023 14:14

Mer om