Tøffast i reiseliv
Det er nesten seks arbeidslause i reiselivsbransjen for kvar ledig jobb.
Arbeidsmarknadsstatistikken for februar viser at ingen arbeidstakarar er så hardt råka av koronakrisa som tilsette i reiselivsbransjen.
NAV Møre og Romsdal har registrert 112 ledige jobbar i reiselivsbransjen ved utgangen av februar, viser statistikken som er offentleggjort i dag. Samstundes er 621 personar i bransjen registrert som heilt ledige, Av dei heilt ledige er 256 permitterte.
Rikeleg med arbeidskraft
Det betyr at det er nesten seks personar som før arbeidde i reiselivsbransjen for kvar ledig jobb.
I tillegg kjem 502 som er registrert som delvis ledige, 304 av dei delvis permitterte.
I bygg og anlegg, som også er ein bransje med mange ledige, er det 3,3 personar utan arbeid for kvar ledig jobb NAV har registrert i februar.
Rikeleg med jobbar
I motsett ende av skalaen er helse-, pleie- og omsorgsyrke. Der var det 652 ledige jobbar som kom ut i februar, men berre 196 heilt ledige og 165 delvis ledige.
Ved utgangen av februar 2021 er det registrert 4175 heilt arbeidslause i Møre og Romsdal. Det tilsvarar tre prosent av arbeidsstyrken. Det er 1253 flere registrerte heilt arbeidslause enn på same tid i fjor.
Møre og Romsdal har også 2909 delvis arbeidslause, ei auke på 1560 personar samanlikna med februar 2020.
Teikn til betring
– Ved utgangen av februar var det registrert 478 færre heilt ledige enn i januar i år. Det er vanleg at arbeidsløysa går ned frå januar og utover vinteren og våren, men når vi korrigerer for disse
normale sesongvariasjonane ser vi at nedgangen no er høgare enn vanleg. Dette tek vi som eit teikn på at arbeidsmarknaden er i betring, seir direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Hareid (5,3 prosent), Ulstein (4,5 prosent) og Sande (4,3 prosent) er kommunane med høgast arbeidsløyse i Møre og Romsdal.
E9/S1 Bente Storhaug Dahl og Geir Balsnes om korleis skape ein god prestasjonskultur.
Publisert: 26.02.2021 14:00
Sist oppdatert: 26.02.2021 23:57