Naer 100 kvalifiserte soekarar til jobb som butikksjef
MANGE SØKARAR: Th. Dale har stor pågang av søkarar til stillinga som ny butikksjef til sentrumsbutikken i Ålesund. NAV-direktør Stein Veland (innfelt) i Møre og Romsdal la fredag fram tal som viser at kampen om jobbane blir endå tøffare. 
Nytt

Nær 100 kvalifiserte søkarar til jobb som butikksjef

Arbeidsgjevarar og rekrutteringsbyrå fortel om stor pågang til ledige jobbar. NAV-direktør peiker på moglegheiter i fleire bransjar - men fleire er ledige.

Marius Rosbach
29.01.2021
Kampen om å få seg ny jobb har sjeldan vore tøffare enn nett no. Ferske tal frå NAV fredag viser samtidig at arbeidsløysa på Nordvestlandet har gått opp sidan desember.
I Møre og Romsdal er det siste månad kome til 560 fleire i køen av arbeidssøkarar, som no utgjer 4653 personar. Det svarar til ei auke siste året på 54 prosent og totalt er no 3,4 prosent av arbeidsstokken i fylket ledige.
Arbeidsløysa er høgast i kommunane på søre Sunnmøre som er dominert av maritim industri. Høgst ligg Hareid (6,1 %), og deretter følgjer Ulstein (5,5 %), Herøy (4,7 %) og Sande (4,7 %).
Sykkylven har no lågast arbeidsløyse i fylke med 1,5 prosent av arbeidsstokken, viser oversikta frå NAV Møre og Romsdal ().
Også i Vestland fylke går tala opp og totalt er no 3,9 prosent av arbeidstokken ledige her. I Nordfjord-kommunane er det Stryn som har høgast arbeidsløyse med 3,9 prosent, deretter følgjer Kinn (3,1 %), Gloppen (2,5 %) og Stad (1,5 %), ifølgje oversikta frå NAV Vestland ().

– Har vore heilt enormt

Ei ringerunde til nokre av dei som tek i mot søknadar på utlyste stillingar, viser stort trykk frå folk som er på jakt etter ny jobb.
– Det har vore heilt enormt, seier Siri Dale Reichel til NETT NO om pågangen til den ledige stillinga som butikksjef ved Dale-butikken i Ålesund sentrum.
Ho er fjerde generasjons eigar og drivar i selskapet som også har butikkar på Moa og i Molde. Søknadsfristen til stillinga går ut i helga, og dei er i gong med intervjurundar.
– Eg har nærast vorte nedringt. Mellom søkarane er det mange som er permitterte og i ein litt usikker situasjon. Det er også ganske mange som har jobba i Oslo-området, og som ønsker å flytte heim. Av kvalifiserte søkarar nærmar vi oss 100 personar, fortel ho.

Mange vil bli bilseljar

Linda Skytterholm i rekrutteringsbyrået Personalhuset opplever også stor pågang til ei stilling som seljar hos bilforhandlaren Motor Forum i Ålesund.

– Dette er ei stilling som er relativt ope når det gjeld kvalifikasjonskrav, og det gir fleire søkarar. Det har vore veldig stor pågang, og vi er allereie oppe i fleire enn 40 søkjarar, fortel ho.
Søknadsfristen går ut om halvanna veke og rådgjevaren fortel at trykket oftast er størst i starten og mot slutten av søknadsperioden. Ho er ikkje overraska over talet på søkarar.
– Vi merkar at det er mange som er permitterte, eller jobbar i selskap som lir økonomisk - og kanskje kjenner seg litt usikre. Det er også ein del som har fått lyst til å prøve noko nytt på bakgrunn av situasjonen med koronapandemien, fortel ho.

Fleire nyttar proffe rekrutterarar

Rådgjevaren fortel at dei har større pågang frå arbeidsgjevarar som vil nytte deira tenester til å rekruttere nye medarbeidarar. For tida har dei oppdrag for ein rekke ulike bransjar både i Ålesund og Molde.
– Eg trur vi knapt har hatt større pågang enn no. Det er ganske mange ingeniørstillingar, og vi har hatt mykje å gjere for Hofseth-konsernet. I tillegg er det fleire stillingar som prosjektleiarar og innan HR, fortel ho.
Wenche Kjerstad som er partnar og rådgjevar i Converto fortel at dei i første rekke rekrutterer for bedrifter som dei har ein kunderelasjon til.
– Vi ser at det er fleire som har behov og ser nytta av å bruke eksterne rådgjevarar i dette arbeidet. Det gjeld både det å hjelpe til med å kartlegge selskapet sitt kompetansebehov, skaffe kvalifiserte søkarar - og vere med på prosessen med å velje ut kandidatane, fortel ho.

Jaktar ti nye tilsette for Artec Aqua

Artec Aqua, som leverer utstyr til landbaserte oppdrettsanlegg, har og har lyst ut ei rekke stillingar i det siste. Kjerstad leiar arbeidet med å finne fram til dei rette personane.

– Interessa er kjempestor, og det merkar vi ofte når det er selskap med eit godt omdømme. Erfaringa tilseier at det då er lettare å finne godt kvalifiserte personar, seier ho.
Til dei ti stillingane har det «godt over» 200 søkarar fortel Kjerstad. For seks av stillingane er dei no komne til intervjurundar. Fire andre stillingar har søknadsfrist om få dagar.
Ho fortel at det er godt kvalifiserte søkarar til dei fleste stillingane.

Fleire søkarar per stilling

Converto-rådgjevaren fortel at mykje avhenger av å treffe med kompetanseprofil og annonsering. Digitale plattformar gjer det lettare å nå personane som har akkurat dei rette kvalifikasjonane.

– Målretta annonsering gjennom til eksempel Linkedin er viktige verktøy for å finne dei som har kompetansen ein arbeidsgjevar er ute etter, fortel Kjerstad.
At kampen om jobbane det siste året har vore tøffare enn på lenge, visast tydeleg i arbeidssøkartala frå NAV. Dei siste åra har snittet på søkjarar til kvar stilling vore under fem.
Då koronapandemien slo til i mars i fjor, skaut talet i veret til fleire enn 20 søkarar per stilling. Gjennom våren og sommaren gjekk talet nedover – men mot slutten av fjoråret steig talet på nytt.
Ved utgangen av 2020 var det i snitt framleis ni søkarar per stilling i NAV sine register.

Spår mangel på arbeidskraft

Sjølv om koronapandemien har ført til ein vanskeleg situasjon for mange, påpeiker NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal, at ting har gått betre enn frykta i fjor vår.

– Spådommane var ganske dystre då pandemien slo til, men i stor grad har det gått betre enn dei fleste økonomane trudde, seier Veland til NETT NO.
Vekst i bustadprisane, låg rente og høg omsetning i store delar av varehandelen og fleire andre bransjar, er mellom dei positive teikna Veland har merka seg.
I eit førre veke spådde han at mangel på arbeidskraft på nytt vil bli ei utfordring i Møre og Romsdal etter at koronaviruset er under kontroll.

Synspunkt:


Stort behov for folk med yrkesfag

Ved utgangen av 2020 viste NAV sine tall at det var flest ledige stillingar i Møre og Romsdal, innan bygg- og anlegg og omsorgssektoren.
– Om folk tenker på kva veg dei skal utdanne seg, så er helse- og omsorg eit trygt val, fortel Veland.
Det er også stor etterspurnad etter dei fleste handverksyrker, som røyrleggar, elektrikar og maskinarbeidarar av ulike slag. Møbelbedrifter av alle slag er ein anna bransje som seglar i medvind, der det er stort behov for kvalifiserte fagfolk.
– Ein del av verfta har også behov for flinke folk. Sjølv om det er stramme tider for nokre, så er det ein del som framleis har godt med arbeid framover, påpeiker NAV-direktøren.

Treng ikkje berre gjestearbeidarar

I byggebransjen og store delar av den maritime industrien har det blitt stadig fleire utanlandske gjestearbeidarar.
Veland fortel at personar med norsk som morsmål og kjennskap til det norske systemet, likevel kan vere ettertrakta hos desse bedriftene.
– Det å rekruttere flinke medarbeidarar med norsk bakgrunn som kan vere med å koordinere arbeidet, trur eg vil vere eit klart ønske frå mange arbeidsgjevarar i tida som kjem, forklarar han.

Kystruta og sjukehusbygging på vent

Eit tilbakeblikk på NAV Møre og Romsdal sin første som kom i januar i fjor, viser at det kan vere vanskeleg å spå kva yrker det vil vere behov for.
Ein del av hovudtrekka gjeld framleis. Til dømes at det er venta eit stort sprik mellom etterspurnad og tilbod av arbeidskraft med yrkesfag.
Men av fire konkrete prosjekt som ein rekna med ville gi stort behov for arbeidskraft, er to av dei blitt uaktuelle på kort sikt. Både bygging av nytt sjukehus nord i fylket og oppstarten av Havila Kystruten sine seglasar, er sett på vent.
Veland trur framleis at bygging av nytt sjukehus kan gi betydeleg utslag for byggebransjen, men førebels er det uklart når behovet vil melde seg.
– Og når Havila Kystruten får lov til å segle og folk opplever at det er trygt å reise igjen, så er det grunn til å tru at Norge kan bli meir attraktivt enn før. Vi har hatt låg smitte og den har aldri kome ut av kontroll, påpeiker NAV-direktøren.

Les også:



NHO-konferanse:




Mellom søkarane er det mange som er permitterte og i ein litt usikker situasjon. Det er også ganske mange som har jobba i Oslo-området, og som ønsker å flytte heim

Publisert: 29.01.2021 11:00

Sist oppdatert: 18.03.2021 13:31