Wonderland sommer
ÅNDALSNES: Salet av Wonderland-madrasser gjekk ned i fjor, men i år ser det langt lysare ut. Foto: Wonderland
Nytt

Tøft fjorår for hjørnesteinsbedrift

Wonderland med raude tal i fjor, men ser lysning i år.

29.03.2023

Madrassprodusenten med sine 93 tilsette er ei av hjørnesteinsbedriftene på Åndalsnes, og har vore lokal eigd sidan 2017 då lokale industrifolk kom inn og blant anna satsa stort på robotisering av produksjonen, ei satsing som så langt har vore vellukka.

Men 2022 vart eit tøft år, der salet av madrasser og sengeløysingar gjekk ned frå 363,0 millionar kroner i 2021 til 321,2 millionar i fjor. Resultatet før skatt vart negativt med 2,3 millionar kroner. Sist selskapet hadde raude tal var i 2012, eit selskap som vart starta opp i 1969.

(saka held fram etter tabellen)

Wonderland
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 321,2 363
Driftsresultat 0,1 15,8
Resultat før skatt -2,3 12,1

Stor personleg usikkerheit
Styret skriv i årsrapporten at bakgrunnen for svikten skuldast ettervirkningar av pandemien med krevjande leveransdekjeder, fallande salsvolum og vedvarande prispress. Ein viser også til at forbrukarane opplevde stor usikkerheit knytt til personleg økonomi på grunn av høge straumprisar og stigande renter.

Men i løpet av tredje kvartal i fjor betre det seg, og styret skriv at avslutninga på fjoråret var oppmuntrande. No budsjetterer ein med at 2023 vert eit normalår.

Wonderland har det meste av sin aktivitet på Åndalsnes, men har salsavdelingar i Finland, Sverige og Danmark.

Lokalt eigd
Største aksjonærar er Lars og Karl Johan Stenerud med 41,6 prosent av aksjane. Brørne har bakgrunn frå familiebedrifta Plasto, som produserer komponentar i støypt plast. Dette selskapet har i fleire år vore underleverandør til Wonderland-sengene.

Arvid Gjerde eig 25,0 prosent og Svein Berg 16,6 prosent.

Wonderland har ein samla eigenkapital på 23,1 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 61,2 millionar.

Publisert: 29.03.2023 09:52

Sist oppdatert: 29.03.2023 12:47

Mer om