Har musklar til meir vekst – utvidar staben
GJ Machine-gründeren skulle gjerne vekse raskare. No er det Ukraina-krig og straumpris som bremsar.
At gründer Gunnar Johnsen i GJ Machine «gjerne skulle vekse meir», etter at bedrifta hadde om lag tre gonger høgare omsetning i fjor, enn tre år tidlegare, seier litt om kvar lista ligg.
Robotiseringsekspertane er mellom fleire ambisiøse vekstbedrifter i regionen. Etter at Jean-Marc Launay tok over som dagleg leiar i fjor, er Johnsen no senior sals- og marknadssjef, styremedlem og medeigar i selskapet.
– Året 2022 har vore spesielt. Alt var i ferd med å løsne då koronaen slapp taket. Så kom Ukraina-krigen med påfølgjande høge straumprisar. Det gjer at mange kunder er avventande med å ta store avgjersler, fortel han til NETT NO.
Bedrifta som har spesialisert seg på automatisering og robotisering, har likevel sikra seg fleire større oppdrag i år og aktiviteten har vore høg.
Ein av dei nye kundane i år, er den tradisjonsrike kjøttbedrifta Jæder på Jæren, som skal automatisere pakkeriet. Eitt anna oppdrag er ein fabrikk for EPS-kasser for Viplast i Rørvik.
– Vi har eit mål om å auke 10-20 prosent i år – og vi vil vekse mykje meir på sikt, fortel Johnsen.
Roadshow med einaste stopp i Norge
Første steg på vegen til å lokke til seg nye kundar – eller tilsette -
er eit rullande lastebilshow frå Interroll i Tyskland. Selskapet er ein stor global leverandør av logistikkløysingar som GJ Machine samarbeidar med.
– inviterer eksisterande og eventuelle nye kundar for å sjå ein rekke nyheiter. Mellom anna eit nytt transportsystem for næringsmiddelindustrien, fortel Johnsen.
GJ Machine-sjefen legg ikkje skjul på at han synest det er kjekt at «roadshowet» gjer sitt einaste stopp i Norge på Furlia Industriområde onsdag 24. august. I tillegg vil GJ Machine vise ein del av sine eigne løysingar.
I løpet av fjoråret fekk GJ Machine ein emisjon og fekk inn Trolltunga Robotics som majoritetseigar, har dei fått større økonomisk tyngde.
Tidlegare i sommar blei det også kjent at eigarane i konsernet inn med fleire titals millionar friske midlar i selskapet.
– Det var betydelege beløp, og det kjem litt til systerselskapa i form av utvikling og vidare satsing, seier Johnsen.
Som del av eit konsern med fleire bedrifter som også jobbar med robotisering og automatisering, kan dei også konkurrere om større oppdrag.
Fakta om Trolltunga Robotics
Trolltunga Robotics er bygget opp som et konsern med fire underliggende selskaper; Robot Norge, GJ Machine i Ålesund, Rob Nor AB og Byte Motion.
Eigarane i Trolltunga har vekstambisjonar internasjonalt for dotterselskapa sine.
Med kring 60 tilsette har konsernet ulik sammensetning av kompetanse innan automatisering, robotisering, kunstig intelligens og digitalisering.
Utvidar staben kraftig
For å halde tritt med oppdraga og sikre seg nye, er bedrifta som held
til på Furlia i tidlegare Skodje kommune på jakt etter fleire tilsette.
No er dei 16 tilsette og planlegg ei betydeleg opptrapping av staben.
– Vi søker vi etter både mekanikarar, serviceteknikarar, automasjonsingeniørar, konstruktørar og seljarar, fortel Johnsen.
Vekst og underskot i fjor
Fjorårsrekneskapen enda med ei omsetning på 32 millionar kroner – eit solid hopp frå knappe 25 millionar året før.
Lønnsemda gjekk samtidig ned. Drifta enda om lag i balanse og resultat før skatt med eit lite underskot (sjå tabell under).
Eigenkapitalen er på knappe 2,4 millionar og samla gjeld er på 9,5 millionar.
GJ Machine | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 32,3 | 24,7 |
Driftsresultat | 0,01 | 0,2 |
Resultat før skatt | -0,2 | 0,1 |
Publisert: 19.08.2022 11:00
Sist oppdatert: 19.08.2022 11:05