Tøft utan russarar i fjor
Fiskerstrand Verft akkurat i pluss i fjor. Aukar satsing på ombygging.
Etter Russland starta krigen mot Ukraina i fjor, avvikla Fiskerstrand Verft all verksemd mot den russiske marknaden. Inntil då var reparasjonar og vedlikehald av russiske fartøy ei viktig inntektskjelde for verftet. Men med krigen var det slutt.
«Dette påvirket ordresituasjonen og aktiviteten negativt, særlig i 2. halvår», skriv Fiskerstrand Verft om konsekvensen av krigen i årsmeldinga for 2022.
Verftet sysselsette 114 årsverk i fjor. Inntektene blei dei høgaste sidan 2017, men resultatet før skatt, berre litt over null for andre år på rad.
Aktiviteten tok seg opp
Etter ein litt slapp start på året tok aktiviteten seg bra opp i år, seier dagleg leiar Dag Vikestrand i Fiskerstrand Verft.
I tillegg til reparasjon- og vedlikehaldsoppdrag har verftet hatt to ombyggingsoppdrag. Det eine, ombygging av ei ferje for eit canadisk selskap pågår enno. Den skal leverast tidleg neste år.
Satsar meir på ombygging
Ferja blir mellom anna forlenga og forsterka for å gå i farvatn med is, i tillegg til å utrustast slik at det seinare kan settast inn batteripakkar i den.
Verftet satsar på å få fleire ombyggingsoppdrag. Ombyggingsoppdrag skal ikkje erstatte reparasjon- og vedlikhaldsoppdrag, men gi verftet fleire bein å stå på og kome i tillegg, seier Vikestrand.
Fiskerstrand Verft as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 484,3 | 340,6 |
Driftsresultat | 0,04 | 0,6 |
Resultat før skatt | 0,3 | 0,1 |
Publisert: 24.08.2023 13:30
Sist oppdatert: 24.08.2023 15:07