Fiskerstrand Verft april 2021 innfelt magne standal foto samferdselsfoto 11
FISKERSTRAND: Administrerande direktør Magne Standal (innfelt) er på veg ut av sjefsstolen ved Sula-verftet. Dag Vikestrand, som har vore verftsdirektør i Vard, tek over. Foto: Samferdselsfoto/Marius Rosbach
Nytt

Kraftig resultatfall for Fiskerstrand

Verftet tapte på fleire ombyggingar i fjor. I år må dei jobbe med å erstatte Russland-kontraktar.

Marius Rosbach
17.08.2022

Fiskerstrand Verft i Sula heldt aktiviteten oppe gjennom fjoråret, men lønnsemda fekk ein solid knekk.

Rekneskapet som no er offentleg viser at Sula-verftet fekk eit resultat før skatt på skareve 86.000 kroner (sjå tabell under). Året i forvegen var overskotet på meir enn 10 millionar med litt mindre omsetning.

Dei siste åra har Sula-verftet satsa på oppdrag med ombygging og reparasjonar.

Styret skriv at dei ikkje er nøgd med fjorårsresultatet, og at det skuldast tap på fleire ombyggingskontraktar, ifølgje årsrapporten.

Fiskerstrand Verft

Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt
340,4
330
Driftsresultat
0,6
9,7
Resultat før skatt
0,08
10,4

75 anløp og 55 dokkingar
2021 ga likevel jamt over bra med oppdrag, spesielt i andre halvår, heiter det i årsrapporten.

I løpet av fjoråret hadde verftet 75 anløp av skip – av desse 25 frå Russland - og dei utførte 55 dokkingoppdrag.

– Vi er godt fornøgde og har jobb til kring nyttår for alle saman. Spesielt i første halvår har vi også ein del innleige. Men vi har framleis meir kapasitet, spesielt i andrehalvår, fortel administrerande direktør Magne Standal til NETT NO om utsiktene for 2022 ved inngangen til året.

Tap på Russland-kontraktar i år
I ettertid har Russland sin invasjon av Ukraina skapt utfordringar for verksemda. Seinast denne veka blei det kjent at verftet har stengt ute sin viktigaste kunde frå Russland.

Standal anslo til Dagens Næringsliv eit tap på desse kontraktene på rundt ti millionar i haust.

I årsberetninga peiker styret på at det blir jobbe med å erstatte desse oppdraga. Den viktigaste marknaden er norske kunder, som sørga for om lag to tredelar av inntektene i fjor.

Må ha meir å gjere i haust

I ein utfordrande marknadssituasjon har Fiskerstrand satsa på oppdrag der dei kan ta ansvar for både tekniske løysingar, engineering og utstyrsleveransar.

Oppdragsmengda blir omtala som tilfredsstillande første halvår, men at ein må jobbe med å skaffe meir arbeid resten av året.

Talet på tilsette har vore på kring 115 tilsette dei siste åra. I tillegg blir det nytta innleigde arbeidarar i varierande grad etter oppdragsmengda.

Korona ga kanselleringar
I årsrapporten omtalast også koronapandemien, som førte til at nokre oppdrag vart kansellert i 2021. Verftet hadde fleire Covid-tilfeller mellom eigne tilsette, om bord på båtar og innleigde arbeidarar.

Eigenkapitalen i verftsselskapet var ved utløpet av 2021 på drygt 31 millionar og samla gjeld på 94 millionar.

Konsernrekneskapen er ikkje klar enno, men talla til Fiskerstrand Eiendom As, viser eit overskot før skatt på 5,1 millionar frå ei omsetning på 19,3 millionar i fjor.

Publisert: 17.08.2022 12:45

Sist oppdatert: 17.08.2022 16:04

Mer om