Havila Capella ved Tersan montasje leif magne langset foto Havila Kystruten Marius Rosbach 22
FLEIRE RETTSTVISTER: Styreleiar i Langset-konsernet Leif Magne Langset har dei siste vekene vore i fleire rettssakar om NMI-oppdraget med å innreie kystruten-skipa ved Tersan-verftet. Utfallet har mykje å seie for framtida til selskapet. Foto: Havila Kystruten/Marius Rosbach
Nytt

Tapte 28 millionar i fjor – risikerer nye tap i år

Skipsinnreiingfirma kjempar på fleire frontar for å halde seg flytande.

Marius Rosbach
05.10.2022

Norwegian Marine Interior (NMI) har lagt bak seg eit tøft år – og det neste blir ikkje lettare om Molde-firmaet får fleire rettsavgjersler mot seg.

Dotterselskapet i Langset-konsernet er som kjent involvert i rettssaker både med Havila Kystruten og Tersan-verftet i Tyrkia. Her står dei i fare for å tape fleire titals millionar kroner.

Ventar på to dommar
I årsrapporten for 2021 som nyleg blei gjort offentleg, blir den krevjende situasjonen omtalt.

Koronapandemien blir peika på som årsak til at det oppstod betydelege forseinkingar i dei større prosjekta med å innreie skipa til Havila Kystruten i Tyrkia.

Som følgje av problema rauk NMI uklar både reiarlaget og verftet. No ventar dei på dommen frå Møre og Romsdal tingrett, både i tvisten med Kystruten og Tersan.

Bent Martini tinghuset foto Marius Rosbach 11
USAMDE: Molde-firmaet NMI er usamde med Havila Kystruten og reiarsjef Bent Martini om betalinga for innreiingsjobben om bord på fleire skip. Foto: Marius Rosbach

Vil ha stor betydning for 2022-resultatet
I årsrapporten påpeiker styret at stridane i rettsaparatet kan halde fram.

Avgjerda av striden med Havila vil ha stor betydning for 2022-resultatet, men kan óg halde fram med ei ankesak til neste år.

Då kan det også vere klart for runde to av striden med verftet, avhengig av utfallet i første runde.

Budd på fleire krav frå Tersan
Saka som gjekk for tingretten førre veke dreia seg om tolkninga av ein garantiavtale med morselskapet. Leiinga er samtidig budd på at det kan kome krav direkte mot selskapet, om Tersan-verftet ikkje får medhold i garantikravet.

Det høyrer med til historia at NMI meiner at dei har motkrav som overstiger kravet frå det tyrkiske verftet.

Prosjekt på vent og tilsette permitterte
No er selskapet i ein situasjon der alle prosjekt med betydeleg risiko er sett på vent, skriv leiinga i årsrapporten.

Fleirårige prosjekt i Russland er også sett på vent, og det er usikkert om desse vil bli starta opp i det heile.

Som følgje av dette har mange av dei tilsette vore permitterte i 2022, og drifta i selskapet er betydeleg redusert.

Underskot og tapt eigenkapital
NMI fekk i fjor eit underskot på nærer 29 millionar kroner før skatt. Omsetninga haldt seg på nivå med året før – i underkant av 150 millionar (sjå tabell under).

Molde-firmaet hadde dermed ein negativt eigenkapital på nær 22 millionar ved utløpet av fjoråret. Samla sett meiner styret likevel at føresetnadene for vidare drift ligg føre, og at eigenkapitalen i realiteten er intakt.

Er tilført kapital
Styret påpeiker óg at eigenkapitalen vil bli styrka om rettstvistane går i deira favør. Om utfallet er negativt for selskapet vil styret vurdere på nytt om det er grunnlag for drift, er konklusjonen.

I årsrapporten datert i slutten av august, går det óg fram at det er tilført betydeleg kapital etter ei frivillig gjeldsordning med kreditorane.

Norwegian Marine Interior
Tal i mill. kr.20212020
Driftsinntekt144,3148,3
Driftsresultat-28,712,1
Resultat før skatt-28,613

Publisert: 05.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 04.10.2022 19:15

Mer om