Ulmatec gangveg skip illustrasjon Ulmatec 11
NY GANGVEG: Ulmatec har sikra seg oppdraget med ein gangveg til eit serviceskip som skal byggast i USA. Illustrasjon: Ulmatec
Nytt

Første store kontrakt på ny gangveg

Ulmatec med ordre på nytt satsingsområde.

Marius Rosbach
17.08.2022

Ulmatec Handling Systems skal levere en 32 meter høg bevegelseskompensert gangveg til eit serviceskip som skal betene vindparkar til havs.

– Dette er vår første store kontrakt for en gangveg og styrker vår innsats i marknaden, uttaler kommersiell direktør for Ulmatec Handling Systems, Bjørnar Huse.

Verdien på oppdraget blir ikkje opplyst.

Blir bygd for mangeårig Ulstein-partnar
Kontrakta er med det amerikanske selskapet Eco Group - Edison Chouest Offshore - av mange kjend som mangeårig partner med Ulstein-familien.

Det nær 90 meter lange skipet skal byggast i USA og vil bli bemanna av kring 60 teknikarar om bord. Ved å nytte gangvegen frå Ulmatec vil dei kunne ta seg trygt og effektivt frå fartøyet over på installasjonar til havs.

Ulmatec-konsernet har nytta store ressursar og investert mykje i å bli mellom dei store leverandørane av slike gangvegar til bruk offshore.

– Ein avgjerande del av utstyret til fartøyet
Med ein 12 meter lang teleskopfunksjon, integrert heis, pidestall og automatiserte laste og lossefunksjonar, skal Ulmatec-gangvegen også vere med å gjere operasjonane på ein trygg måte.

– Dette er ein avgjerande del av utstyret til fartøyet og ein av hovudføresetnadene for å utføre serviceoperasjonar utan opphald, legg Huse til.

Kontrakten til Ulmatec Handling Systems-selskapet vil også innehalde utstyr frå andre lokale leverandørar.

Publisert: 17.08.2022 10:47

Sist oppdatert: 17.08.2022 11:21

Mer om