Ulmatec nesset bjornereim foto marius 11
LEIARDUO: Kommersiell direktør Bjørnar Nesset (t.v) og dagleg leiar Iver Bjørnereim i Ulmatec Handling Systems under eit arrangement i regi av Vekst i Hareid. Duoen leia eit selskap med eit godt fjorår. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulmatec-selskap sette nye rekordar

Oppturen held fram for Hareid-bedrifta i år. Framleis stor aktivitet i offshore.

Marius Rosbach
15.07.2024

Rekneskapen for Ulmatec Handling Systems på Hareid viser at bedrifta la bak seg eit nytt rekordår i fjor.

2023-omsetninga stoppa først på 240 millionar – opp meir enn 50 millionar frå året før.

Også driftsresultatet er det største den maritime utstyrsleverandøren har levert. Resultatet før skatt på drygt 14 millionar, er berre eit lite knepp ned frå 2022 (sjå tabell under).

Ulmatec Handling Systems
Årsresultat (i mill kr)


2023
2022
Driftsinntekter
240,7
187,7
Driftsresultat
14,9
13,9
Res. før skatt

14

14,3

Har auka arbeidsstokken med ti personar
Trass i at det blir bygd få nye skip, er det framleis høg aktivitet i offshoremarknaden, skriv leiinga i årsmeldinga for 2023.

Saman med auka aktivitet på både seismikkområdet og marknaden med fornybar energi, utgjer det bakgrunnen for veksten bedrifta har opplevd.

Veksten har også ført til fleire arbeidsplassar.

I 2022 hadde Ulmatec Handling Systems 52 tilsette på lønningslista. I løpet av fjoråret auka arbeidsstokken til 62.

Ulmatec gangveg foto marius 11
BETYDELIG SATSING: Slike gangvegar er blitt ein suksess til fleire marknader for Ulmatec Handling Systems. Foto: Marius Rosbach

Ligg an til vidare vekst i år
Ulmatec-selskapet har mellom anna satsa betydelege ressursar på å utvikle sokalla «walk to work»-løysingar, som har slått an i marknaden.

Bedrifta har også opplevd betydeleg auke på vedlikehald og oppgradering på eksisterande skip.

Tidlegare i juni fortalde kommersiell direktør Bjørnar Nesset til Nett No ordreinngangen i første halvår var den beste selskapet har hatt på veldig mange år.

Leiinga skriv også i årsmeldinga for i fjor at dei ventar vidare vekst i inntektene i 2024.

Prisvekst og politikk er utfordrande
Ulmatec Handling Systems er ein del av Ulmatec-konsernet. Selskapet lagar mellom anna LARS-ar (launch and recovery system, red merk) til ein rekke ulike segment, som offshorefartøy, passasjerbåtar og vindkraftfartøy.

Dei lagar også handteringsløysingar for bakdekk og utstyr til seismikksegmentet saman med Ulmatec Baro. Sistnemnte selskap blei i 2023 innfusjonert i Ulmatec Handling Systems, ifølgje årsmeldinga.

Prisvekst, offentlege avgifter og krav frå styresmaktene, er melom utfordringane leiinga peikar på i årsmeldinga. Også tilgang på arbeidskraft og avgrensingar på innleige, gjer situasjonen vanskeleg.

– Til saman vil dette forverre vår konkurranseevne i det internasjonale marknaden, skriv leiinga i årsrapporten.

Publisert: 15.07.2024 15:36

Sist oppdatert: 15.07.2024 20:57

Mer om