Ulstein Bil held koken
STABILT: Resultatet i 2014 blei om lag som 2013, og slik blir det i 2015 og Svein Idar Ulkstein i Ulstein Bil.
Nytt

Ulstein Bil held koken

Oljeprisfallet har ikkje gått ut over bilsalet for Ulstein Bil. Trur på godt bilsal på heile Søre Sunnmøre.

02.03.2015
Dersom spådommen frå dagleg leier og medeigar Svein Idar Eiksund slå til vil bilforhandlarane på Søre Sunnmøre merke minimalt til nedturen i oljeprisen i år.
2014 enda som 2013 for Mazda og Hyundai-forhandlar Ulstein Bil i Ulsteinvik (sjå tabell).
Trass i alt oljeprisen byrja å falle frå sommaren 2014 held bilsalet seg oppe, og heller ikkje i år ser Eiksund teikn til å kjøpelysta er blitt svakare.
- Lokalt blir det som året før. Sjølv om totalmarknaden går litt ned så trur eg (bilsalet på, red merk) Søre Sunnmøre vil bli nokså identisk med 2015, seier Eiksund.

Arbeidsmarknaden avgjer

Det er situasjonen på arbeidsmarknaden som tel mest for korleis bilsalet utviklar seg, og slik Eiksund ser det er det framleis godt med jobbar.
- Eg har god trur på året i år, seier han.

Halverte overskotet

Bilbransjen på Nordvestlandet sleit med lønsemda i 2013. Samla sett nesten halverte forhandlarane overskotet, mellom anna fordi dei undervurderte fallet i brukbilprisane. 2013 var det første året privatleasa bilar kom attende til bilforhandlarane i større omfang. Då bruktbilprisane fall vart alle dei attendeleverte leasingbilane til tap for bilforhandlarane.

Nedgang på landsbasis

Statistikken på landsbasis og fylkesbasis ser ikkje like lovande ut for bilbransjen som Eiksund sine erfaringar og vurderingar.
På landsbasis fall salet av nye bilar med 7,6 prosent i januar 2015 samanlikna med januar 2014, i følgje tal for Opplysningsrådet for Veitrafikken.
I Møre og Romsdal samla var fallet 11 prosent samanlikna med januar 2014, medan Sogn og Fjordane hadde ein nedgang på 0,6 prosent.
I heile 2014 auka nybilsalet med 1,4 prosent. I 2013 var auken tre prosent.
Eg har god trur på året i år

Publisert: 02.03.2015 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41