Ulstein sitt nederlandske dotterselskap Ulstein Design & Solutions BV har fått oppdraget med å designe eit steininstallasjonsfartøy til amerikanske Great Lakes Dredge & Dock Co. LLC (GLDD).
Det 140,5 meter lange og 34,1 meter breie spesialskipet skal byggjast ved Philly Shipyard, og brukast i i amerikansk havvindindustri.
Kontrakten inkluderer opsjon på eit fartøy nummer to, opplyser Ulstein på si heimeside.
I arbeid om to år
GLDD er USAs leiande mudringsselskap. Planen er at skipet skal vere i arbeid i den amerikanske havvindmarknaden innan fjerde kvartal 2024.
- Ulstein Design and Solutions B.V. er eit engineeringsselskap i verdsklasse og fekk oppdraget frå oss på å designe fartøyet ved hjelp av toppmoderne teknologi, utstyr og automatisering, seier Eleni Beyko, som er Senior Vice President Offshore Wind.
- Designet vart gjennomgått og godkjent av klasseselskapet American Bureau of Shipping og vil bli bygd med stort fokus på sikkerheit og lave utsleppsstandardar (LEV, Sustain2) i samsvar med klassen, seier ho.
Batteripakkar
Ulstein opplyser at for å nå lavutslepps- og berekraftsmåla inkluderer skipsdesignet EPA Tier 4-motorar, landstraumstilkobling for ladding i hamn og batteripakkar for lastutjamning. Fartøyet er også i stand til å gå på biodrivstoff for å redusere CO2-fotavtrykket og er utstyrt med aktiv utsleppskontroll for å minimere NOx-utslepp.
- Det er eit privilegium å jobbe saman med GLDD sitt team. Den breie erfaringa deira innan amerikansk skipsbygging, kombinert med vår ekspertise innan design av steininstallasjonsfartøy, var avgjerande for å utvikle dette unike fartøyet for den amerikanske havvindsektoren, seier Ko Stroo, leiande designar i Ulstein Design & Solutions B.V.
Skipet skal innreiast for 45 personar.
Publisert: 23.11.2021 09:49
Sist oppdatert: 23.11.2021 09:52