Ulstein Verft Foto Ulstein Group Per Eide Studio PES 0154080621
RESULTAT: Ulstein Verft hadde eit positivt driftsresultat i fjor etter fleire år med tap. Foto: Per Eide
Nytt

Kraftig forbetring for Ulstein Group

Ulstein-konsernet med positivt driftsresultat. Opplever auka interesse for ombyggingar, oppgraderingar og ledig nybyggingskapasitet av skip.

17.06.2021

Resultat før skatt vart derimot negativt, og enda på minus 44,1 millionar kroner. Det er uansett ei forbetring på 218 millionar sidan året før.

Ulstein Group hadde i 2020 ei omsetning på 1,64 milliardar kroner og eit driftsresultat på 7,8 millionar kroner i fjor.

Konsernets driftsresultat for 2020 viser at restruktureringsprosessen har gitt resultat, sjølv i eit år der Covid-19 har hatt stor innverknad, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Koronautfordringar
Det vert vist til at Covid-19 har påverka både omsetninga og kostnadsnivået negativt i 2020. Konsernet har likevel klart å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå gjennom året, hovudsakleg på grunn av ein eksisterande ordrereserve som blei inngått før Covid-19. På grunn av reduserte inntekter som følgje av lav ordreinngang, har det vore gjort ein vesentleg innsats for å redusere kostnader.

- Trass i driftsutfordringar rundt Covid-19 har vi oppnådd eit positivt driftsresultat for konsernet, eit vitnemål om at vi har lykkast med omstillingsprosessen etter nedgangen i olje- og gassmarknaden, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti .

- Også Ulstein Verft, det største selskapet i Ulstein Group, hadde eit positivt resultat i 2020.

Ulstein Group
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 1640 2570
Driftsresultat 7,8 -204,4
Resultat før skatt -44,1 -262

Fire nybygg
Marti viser til at med fire nybyggingsprosjekt i 2020 og 2021 har Ulstein Verft hatt akseptabel kapasitetsutnytting og greidd å halde Covid-19 borte frå verftsområdet.

To skip har blitt leverte i 2020, eitt ekspedisjonscruiseskip for Lindblad Expeditions og eitt serviceskip for havvindindustrien for Bernhard Schulte.

- Kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora' vart levert til avtalt tid 31. mai 2021, til trass for Covid-19-pandemien med alle dei implikasjonar, innskrenkingar og forseinkingar som det førte med seg, seier Marti.

Ekspedisjonscruiseskipet ‘National Geographic Resolution’ er planlagt levert i andre halvdel av 2021.

Kina-bygde ekspedisjonscruiseskip
Marti viser også til at dei første ekspedisjonscruiseselskapa har starta opp igjen reiseaktiviteten denne sommaren, noko som er god timing for serien med nybygde ekspedisjonscruiseskip ved CMHI-verftet i Kina.

- Fleire ekspedisjonscruiseskip av Ulstein-design for Sunstone Ships er for tida under bygging, med tre planlagde for levering i 2021, ‘Ocean Explorer’, ‘Ocean Victory’ og ‘Sylvia Earle’, og to med planlagt levering i 2022.

Cathrine
KONSERNSJEF: Cathrine Kristiseter Marti ser mulegheiter for Ulstein Group innanfor grøn skipsfart, Foto: Per Eide
Vi opplever etterspørsel etter oppgraderingar og ombyggingar, samt etter ledig skipsbyggingskapasitet
Cathrine Kristiseter Marti

Fornybarinteresse
Konsernsjefen seier at ein også opplever stor interesse for offshore fornybarindustrien.

- GLDD-kontrakten på eit steininstallasjonsskip til den amerikanske havvindindustrien viser at vi har greidd å kome inn i ein ny og geografisk viktig marknad. Fleire kundar ser på skrogløysinga vår, Twin X-stern, som ei konkurransedyktig og innovativ løysing for havvind.

- Bygginga av OHT sitt tungløftsinstallasjonsfartøy, ‘Alfa Lift’, er i god framdrift ved CMHI og Nexans sitt nye flaggskip, ‘Nexans Aurora', er klart for oppdrag innan havvindindustrien.

Ho viser også til at det Ulstein-designa djupvassrørleggingsfartøyet ‘JSD 6000’ er under bygging ved verftet ZPMC Qidong.

Opplever større etterspørsel
Ho ser fleire mulegheiter for konsernet i den grøne marknaden.

- Nybygde skip vert i stadig aukande grad utrusta med meir miljøvenleg teknologi, og moglegheitene framover innan låg- og nullkarbonløysingar er forventa å auke. Gjennom dei ulike selskapa våre bidreg Ulstein Group i utviklinga av nye teknologiløysingar, mellom anna batteri- og hybridløysingar, for å redusere karbonutslepp.

- Behovet for miljøvenleg skipsfart, ny teknologi og auka digitalisering og regionalisering vil påverke etterspurnaden etter nybygg og ettermarknadstenester i fleire marknadssegment. Nybygg åleine vil ikkje vere nok til å nå internasjonale mål for dekarbonisering.

- Vi opplever etterspørsel etter oppgraderingar og ombyggingar, samt etter ledig skipsbyggingskapasitet, seier Marti i pressemeldinga.

Publisert: 17.06.2021 15:20

Sist oppdatert: 17.06.2021 17:50

Mer om