National Geographic Resolution
EKSPEDISJONSCRUISE: National Geographic Resolution vart ferdig innan tidsfristen, og skal alt i november ta med seg passasjerar på ekspedisjonscruise til Antarktis. Foto: Ulstein Group/Uavpic.com
Nytt

Klar for luksuscruise til Antarktis

For mellom 144.000 og 283.000 kroner per person kan du vere med Ulstein-bygde National Geographic Resolution på 14 dagars tur til Antarktis.

01.10.2021

Om du har planar om å bruke langrennski, kajakk eller padlebrett, så finst det om bord. Om du heller vil ta yoga eller bruke tiden i sauna, så finst det også, på eit skip som endåtil er utstyrt med miniubåt.

Sven Lindblad, grunnleggjarane av Lindblad og noverande co-chair i styret seier i ei pressemelding at det er snakk om eit ekstraordinært skip, til liks med det også Ulstein-bygde søsterskipet National Geographic Endurance.

Levert på tid
Han seier at ein her har fått resultat som kombinerer det ypperste innan ekspedisjonar med utsøkt eleganse.

– Det er også eineståande at skipet vart levert på tid i denne vanskelege perioden.

- Det har vore eit fantastisk team med ingeniørar, designarar og mannskap frå Lindblad, Ulstein, Partnership Design og Crist, seier han.

Også konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti er svært fornøgd med at Ulstein Verft klarde å levere skipet innan fristen.

- Lindblad er ein erfaren og innovativ reiseaktør, og bestemte seg tidleg for også å vere ein pioner med å ta i bruk X-Bow i cruisesegmentet. Vi er takksame for tilliten som Lindblad har vist oss og gler oss til å sjå tilbakemeldingane frå ‘National Geographic Resolution’ sine første turar, seier Kristiseter Marti, i pressemeldinga.

Partane har ikkje opplyst prisen på skipet, men ifølgje ordreboka til Seatrade kostar det første Ulstein-skipet 135 millionar USD, nær 1,2 milliardar kroner, medan det er venta at skip nummer to kostar rundt 1,3 milliardar.

Ulstein handover lindblad
HANDOVER: Overlevering mellom prosjektdirektør Kenneth Pettersen, Ulstein Verft og Nikolaos Doulis, Senior Vice President, New Buildings Lindblad. Bak frå venstre General Counsel Ingvill Saunes (Ulstein), site manager Reed Ameel (Lindblad), Group Treasurer Maria Flø (Ulstein), CEO Cathrine Kristiseter Marti (Ulstein), Man Dir Ulstein Verft Lars Lühr Olsen, og prosjektleiar Per Svein Brekke (Ulstein Verft). Foto: Ulstein Group

126 passasjerar
Ekspedisjonscruiseskipet er av typen CX104 og det er Ulstein Design & Solutions AS som står bak designet. Skipet er no klart til å ta med passasjerar på jomfrutur i november til Antarktis, Sør-Georgia og Falklandsøyene.

Skipet har plass til 126 passasjerar, i tillegg til mannskapet.

Med isklasse PC5 kan skipet gå langt inn i dei polare områda. Skipet har utvida tankar for drivstoff og vatn som gjer at det kan dra på lengre turar til meir fjerntliggande område; medan nullfarts-stabilisatorar gjer at komforten vert best mogleg når skipet stoppar opp for å observere dyreliv eller når ein skal om bord i gummibåtane for utflukter.

Tett på omgjevnadene
Skipet er utstyrt med utsleppsreduserande løysingar som tilfredsstiller EPA Tier 4/IMO Tier III utsleppsstandardar.

Ulstein opplyser at skipet har vorte designa for at passasjerane skal vere tett på omgjevnadene, uansett kvar dei er. Lugarane varierer i storleik frå dei 13 kvadratmeter store enkeltlugarane til dei 40 kvadratmeter store suitene. 77 prosent av lugarane har balkong med skyvedører frå golv til tak for å sleppe inn dei spektakulære omgjevnadene og det arktiske lyset.

Glas er også ein viktig del av designet rundt fellesområda.

Igloosandpool 4740 003
IGLOO: På dekk kan ein blant anna slappe av i igloo. Foto: Lindblad Expeditions

Igloo og utandørds grill
Hovudrestauranten, Restaurant 270º, har utsikt med vindauge som går frå golvet og opp til taket. Der er også eit utandørs grill- og bistroområde om bord.

Spa- og treningsområdet inkluderer eit yogarom, behandlingsrom, saunaer, eit treningsrom og eit avslapningsområde. I tillegg har skipet på toppdekket boblebad med glas i endeveggen for å gi uhindra utsikt bakover og to glas-iglooar med sete dekte av reinsdyrskinn.

Der er fleire observasjonsdekk og observasjonsvingar .

Når ein går av skipet, vil der vere fleire moglegheiter til å gjere eigne oppdagingar, også under havoverflata. Skipet har ein miniubåt som kan gå ned til 305 meters djupne.

Det er 14 gummibåtar om bord som kan sette passasjerane i land på elles utilgjengelege stader.

Chartlounge2555 003
LOUNGE: Frå eitt av opphaldsroma om bord i skipet. Foto: Lindblad Expeditions

Publisert: 01.10.2021 08:12

Sist oppdatert: 01.10.2021 09:32

Mer om