Gunvor Ulstein verftskonferansen scenen foto Marius
ÅLESUND: Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group er ikkje i tvil om at norske verft har ein framtid. Men det kjem ikkje av seg sjølve understreka ho under verftskonferansen i Ålesund tysdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulstein med bøn til leverandørane: – La oss få vere med

Konsernsjefen ber utstyrsbedrifter gi same vilkår til norske verft, som dei gir til konkurrentar i Kina.

Marius Rosbach
04.11.2025

Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group var mellom dei som hadde ordet under Verftskonferansen i Ålesund tysdag. 

Ho hadde fått oppgåva med å svaret på spørsmålet om norsk verftsindustri har ei framtid, og var ikkje i tvil om at svaret var ja. 

Ulstein la likevel ikkje skjul på at det er fleire skjer i sjøen. For å overkomme desse trengst mellom anna vilje, langsiktige perspektiv og kontroll på kostnadene. 

Alt om Verftskonferansen

Utfordra leverandørindustrien
Ulstein meiner konkurransen frå Kina ei av dei største utfordringane. 

For at norske verft skal lukkast i møte med denne, meiner ho det trengst vilje og draghjelp frå resten av bransjen, ikkje minst utstyrsleverandørane. 

– Om ein vil nok, så gir ein dei same vilkåra til norske verft, som ein gir verft ute i verda, understreka Ulstein. 

Ho forstår at det kan vere freistande for ein leverandør å gi gode prisar til kinesiske verft fordi det er snakk om store volum og moglegheiter til å vekse. 

– Men la oss få vere med, for vi er med å realisere den utviklinga som gjer at dokke kan selje meir enn eitt og eitt produkt og skape ein internasjonal marknad, sa ho vidare.

Gir honnør til dei som bygger i Norge
Under ein panelsamtale etterpå understreka konsernsjefen at reiarlag som vel å bygge fartøy i Norge - sjølv om det ikkje gir den lågaste prisen – fortenar honnør.

Ho gjentok utfordringa til leverandørindustrien. 

– Dokke må ikkje bli så store at dei ikkje ser verdien av norske verft, sa Ulstein. 

Samtidig meinte ho verfta sjølv kan bidra på sin måte, mellom anna ved å gjere ting betre i produksjonen. 

– Vi skal hjelpe oss sjølve, men vi må også ha nok vilje frå politikarane og langsiktige perspektiv, la ho til. 

Bad på nytt om miljøfond
Konsernsjefen meinte vidare at politikarane har ein jobb å gjere med å bygge opp att tilliten til næringslivet. 

Ho ønska seg lågare skattar til norske bedriftseigarar gjennom eit breitt politisk forlik. 

– Også vil eg ha eit CO2-fond som gjer at dei som forureinar og har gode idear kan gå få ut desse pengane for å redusere utsleppa sine, sa Ulstein. 

Ei slik ordning inspirert av NOX-fondet har vore på ønskelista til bransjen i ei årrekke. Førebels har regjeringa ikkje vist vilje til å oppfylle ønsket – og det kom ingen nye signal frå statssekretær Even Sagebakken (Ap) under konferansen. 

Publisert: 04.11.2025 13:49

Sist oppdatert: 04.11.2025 20:58

Mer om