Dag Vikestrand Even Sagebakken Asle B Stronen Nor Shipping foto Marius
MØTTE BRANSJEN: Statssekretær Even Sagebakken (midten) vitja standen til Norske Skipsverft på Nor-Shipping. Dag Vikestrand (t.h.) er direktør ved Fiskerstrand Verft. I bakgrunnen leiar for Norske Skipsverft, Asle B. Strønen. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Maritim politikk med sirupsfart

I over tre år har verfta venta på at regjeringa skal innføre målretta tiltak for bransjen. Framleis verkar dei langt unna.

Marius Rosbach
08.06.2025

Analyse: 

Regjeringa hevda dei hadde dårleg tid då den med brask og bram lanserte sitt grøne industriløft hausten 2021. Sett frå verfta sin side er det vanskeleg å tru, når ein ser kva som er kome på bordet. 

Eit halvår etterpå blei det peika på havvind og grøn maritim eksport som dei første av fleire satsingsområde.

Nesten nok eit år var gått då dåverande næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til Ålesund og la fram ei satsing for å styrke maritim eksport. 

Allereie då var mottakinga lunken frå dei maritime bransjeorganisasjonane som etterlyste meir konkret handling – og ikkje minst at ein utnytta handlingsrommet i EØS-avtalen meir enn til då. 

Heilt frå starten av 2022 har ei betre ordning kring forskottsgarantiar stått øvst på ønskelista til verfta. 

Ein reiar betalar gjerne inn kring 200 millionar som eit forskot til verftet når eit skip blir bestilt. 

Problemet er at mange av dei store verfta har fått vanskeleg for å stille garantien sjølv. Og iallfall stille garantiar for fleire skip. Bakgrunnen er fleire år i minus og svekka økonomi i kjølvatnet av oljeprisfallet i 2014. 

Situasjonen har vorte eit hinder for fleire nye skipsbyggingsoppdrag til norske verft. 

Her vil verfta at staten går inn via Eksfin og stiller ein garanti – slik at reiaren er sikra å få pengane sine tilbake – om noko skulle gå gale. Så lenge skipet blir levert og alt går etter planen, kostar det ikkje staten noko. 

Det står ikkje på vilja forsikra dåverande næringspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, Per Vidar Kjølmoen, vinteren 2023. Han håpte at regjeringa kunne kome med ei gladmelding om forskotsordninga før sommaren det året. 

Han påpeika at det var kompliserte saker. Problemet har vore at ordninga ikkje skal vere i strid med EØS-regelverket, som forbyr subsidiar til enkeltbransjar i konkurranse med industri i andre land.

«Merkeleg svelteforing av verfta», var tittelen på ein analyseartikkel i Nett No seint det året. Den er like aktuell enno. 

Undervegs har rett nok tidlegare regjeringspartnar Senterpartiet gått inn for å innføre ei slik ordning, men Arbeidarpartiet har stått på staden kvil. 

Det har vore ein rekke møter mellom verfta og næringsdepartementet sine folk. Det høyrer med til historia at Norske Skipsverft óg har levert ei utredning dei meiner viser at ordninga ikkje vil stride mot EØS-regelverket. 

Då statssekretær Even Sagebakken (Ap) besøkte standen til Norske Skipsverft på Nor-Shipping førre veke, var bransjen spent på om det ville kome nye signal. Dei kom ikkje. 

På spørsmål om Sagebakken forstår frustrasjonen til ein verftsbransje som  opplever at det ikkje har kome eitt målretta tiltak for dei – svarar statssekretæren at han meiner regjeringa har gjort mykje for næringa.

Når det gjaldt moglegheitene for å få på plass den etterlengta forskotsgarantien, viste Sagebakken til at departementet framleis meiner ordninga vil vere problematisk i høve EØS-regelverket og at dei – igjen – har bedt skipsverfta komme tilbake med korleis dei ser føre seg ei løysing. 

Skipsverfta er tydelege: «Det står på politisk vilje», sa Asle B. Strønen i Norske Skipsverft til Nett No.

Og om regjeringa verkeleg ønska å få på plass ei slik ordning, verkar det merkeleg at ein framleis ikkje har kome lenger. 

I staden ser det meir ut som eit forsøk på å hale ut tida, eller berre halde bransjen med «god prat». Truleg ville både verfta og regjeringspartiet stått seg betre på om det blei sagt nei med ein gong. 

Publisert: 08.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 08.06.2025 02:17

Mer om