Nytt badeland skal snart opne, hotellet med tilhøyrande konserthus er nett opna, uteområdet i Fosnavåg er kraftig oppgradert, nytt parkeringsanlegg er på plass og det same er vegar til hotell/konserthus og til idrettsanleggområdet der Sunnmørsbadet ligg.
Tilsaman er det så langt løyvd nesten 200 millionar kroner til dei fem største prosjekta som har fått tilskot frå dei såkalla RDA-midlane som har strøymt inn i Herøy dei siste åra. (Sjå tabell)
Det står han fast ved, og viser til at Herøy fekk over 40 millionar kroner i RDA-tilskot ifjor.
- Eg berre konstaterer at i dagens situasjon så må dette oppfattast som konkurransevridande. Vi må låne pengar for å gjere det som er nødvendig, seier Berset.
Ulstein-ordføraren vil at pengane skal kome ein større region til gode, og meiner ordninga er eitt av fleire argument for å slå saman kommunar på søre Sunnmøre.
- Løysinga, slik eg ser det, er at vi slår oss saman, seier Berset.
Han er open for ei løysing som omfattar både Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, og eventuelt også Vanylven og Ørsta/Volda.
Men budsjettet sprakk, og pr. i dag er kostnaden 215 millionar kroner, og kommunen og resten av aksjonærane i bygget vonar på ytterlegare 30 millionar kroner i tilskot frå RDA-midla.
Samstundes som arbeidsgivaravgifta blei auka blei det opna for ei kompensasjonsordning.
Kommunane som blei råka skulle få ein kompensasjon, såkalla RDA-midlar. Etter ei omlegging av regelverket for korleis RDA-midlane skulle utreknast, fekk Herøy frå og med 2007 mykje betre uttelling for den store offshoreflåten i kommunen, og arbeidsplassane knytte til den. Etter kvart som reiarlaga har blitt større, og talet på tilsette har auka, har RDA-midlane også skote i veret.
I retningslinene frå styresmaktene er det presisert at pengane skal brukast til tiltak som kjem næringslivet og området generelt til gode. Dei kan ikkje brukast til kommunal drift.
I år får Herøy rundt 38 millionar kroner i RDA-midlar. Kva som blir løyvinga neste år - og om løyvingane blir vidareført - kan bli avklart når regjeringa legg fram statsbudsjettet komande veke.
Tilsaman er det så langt løyvd nesten 200 millionar kroner til dei fem største prosjekta som har fått tilskot frå dei såkalla RDA-midlane som har strøymt inn i Herøy dei siste åra. (Sjå tabell)
Konkurransevridande
Då Stortingets næringskomite vitja Ulsteinvik i starten av september tok Ulsteinordførar Jan Berset opp verknaden av RDA-midla. Konkurransevridande, kalla han ordninga.Det står han fast ved, og viser til at Herøy fekk over 40 millionar kroner i RDA-tilskot ifjor.
- Eg berre konstaterer at i dagens situasjon så må dette oppfattast som konkurransevridande. Vi må låne pengar for å gjere det som er nødvendig, seier Berset.
Vil ha samling
Berset presiserer at hans vurdering gjeld RDA-ordninga generelt, og ikkje er meint som eit angrep på Herøy.Ulstein-ordføraren vil at pengane skal kome ein større region til gode, og meiner ordninga er eitt av fleire argument for å slå saman kommunar på søre Sunnmøre.
- Løysinga, slik eg ser det, er at vi slår oss saman, seier Berset.
Han er open for ei løysing som omfattar både Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, og eventuelt også Vanylven og Ørsta/Volda.
Avgjerande rolle
RDA-midla spela mellom anna ei avgjerande rolle i finansieringa av det nye Sunnmørsbadet. Hadde utbyggarane greidd å halde seg til budsjettet på 180 millioner kroner, ville tilskotet på 100 millionar kroner frå RDA-midlar dekt over halve kostnaden.Men budsjettet sprakk, og pr. i dag er kostnaden 215 millionar kroner, og kommunen og resten av aksjonærane i bygget vonar på ytterlegare 30 millionar kroner i tilskot frå RDA-midla.
Kompenserer for auke
På grunn av den økonomiske samarbeidsavtalen med EU (EØS-avtalen) blei Noreg tvinga til å innføre lik arbeidsgivaravgift i 2004. Herøy var mellom kommunane som dermed ikkje lenger kunne lokke med lågare arbeidsgivaravgift enn naboane.Samstundes som arbeidsgivaravgifta blei auka blei det opna for ei kompensasjonsordning.
Kommunane som blei råka skulle få ein kompensasjon, såkalla RDA-midlar. Etter ei omlegging av regelverket for korleis RDA-midlane skulle utreknast, fekk Herøy frå og med 2007 mykje betre uttelling for den store offshoreflåten i kommunen, og arbeidsplassane knytte til den. Etter kvart som reiarlaga har blitt større, og talet på tilsette har auka, har RDA-midlane også skote i veret.
Ikkje kommunal drift
Det er stiftinga Herøy Næringsforum som innstiller på kven som skal få tilskot frå RDA-midlane, basert på innspel frå næringslivet. Basert på innstillinga frå stiftinga er det kommunen som formelt vedtek kven som skal få pengar.I retningslinene frå styresmaktene er det presisert at pengane skal brukast til tiltak som kjem næringslivet og området generelt til gode. Dei kan ikkje brukast til kommunal drift.
I år får Herøy rundt 38 millionar kroner i RDA-midlar. Kva som blir løyvinga neste år - og om løyvingane blir vidareført - kan bli avklart når regjeringa legg fram statsbudsjettet komande veke.
Eg berre konstanterer at i dagens situasjon så må dette oppfattast som konkurransevridande
Publisert: 06.10.2014 06:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38






