Undersoekinga av Arctic Swan held fram i helga
MURMANSK: Skjermdump som visar trålaren ved ankomst til Murmansk, lagt ut på Twitter av ein konto som skal vere hamnevesenet i Murmansk. 
Nytt

Undersøkinga av Arctic Swan held fram i helga

Fiskebåt håpar at undersøkingane til russiske styresmakter vert avslutta laurdag. 

Marius Rosbach
29.03.2019
Trålaren Arctic Swan som vart beordra til Murmansk for sjekk, vert truleg liggande til kai fleire dagar.
– Russiske styresmakter har no innleia undersøkingar om bord på trålaren. Dette arbeidet vil gå føre seg i løpet av helga. Generalkonsulatet i Murmansk gir konsulær bistand til kaptein og er i kontakt med skipet sin agent på staden. Vi ventar nærare informasjon i saka frå russiske styresmakter, opplyser pressetalsperson Astrid Sehl i det norske utanriksdepartementet til NETT NO fredag.
Det er eit mannskap på 17 personar om bord og dei fleste skal ha med seg pass. Det betyr at dei kan forlate skipet.
Fredag ettermiddag opplyser leiar Audun Maråk i Fiskebåt at dei håpar at kontrollen vert avslutta laurdag.

Starta undersøkingar onsdag

Det var tysdag kveld at trålaren vart beordra til land etter at dei hadde vore på rekefiske nokre få dagar. I ei pressemelding sendt ut av organisasjonen Fiskebåt onsdag . Samstundes opplyste reiaren at fartøyet hadde rapportert korrekt kvantum.
Russiske styresmakter starta undersøkingane allereie onsdag og det er ikkje kjent kvifor desse ikkje er avslutta.
UD har førebels ikkje svart på om det har vore direkte kontakt mellom norske og russiske styresmakter.

Les meir:





Eigd av Ålesund-reiar

Trålaren er i hovudsak eigd av sunnmøringen Einar Jan Remøy via selskapet Arctic Swan AS. Reiarlaget Remøy Rederi har kontor i Ålesund, men trålaren er fiskeriregistert i Finnmark.
I 2017 var den herøyeigde reketrålaren Remøy liggande etter å ha vore brakt opp av russisk kystvakt. Feil utfylling av eit lisensskjema frå Fiskeridirektoratet var årsaka til arresten den gong.
Fiskebåt-leiar Maråk at Arctic Swan-saka var mindre alvorlig enn situasjonen Remøy hamna i, og at han hadde tru på at saka ville løyse seg i løpet av to-tre dagar.

God forteneste på rekefiske

Det 64 meter lange fartøyet er ein kombinert reke- og kvitfisktrålar, som mellom anna driv rekefiske for selskapet Coldwater Prawns, eit felles salsselskap for fire trålarar.
Dei siste åra har det vore svært god forteneste på rekefiske og det siste rekneskapen registrert i Brønnøysund frå 2017, viser eit resultat før skatt på nær 48 millionar av ein omsetnad på 167 millionar for Arctic Swan-selskapet.

Publisert: 29.03.2019 18:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33