Underskot for Strandafjellet Skisenter i fjor
STRANDAFJELLET: Dagleg leiar Stian Græsdal i Strandafjellet Skisenter as. 
Nytt

Underskot for Strandafjellet Skisenter i fjor

Lite snø øydelagde resultatet til Strandafjellet Skisenter også i fjor. 

Kristin Vidhammer
14.08.2017
Strandafjellet Skisenter auka salsinntektene frå 11,8 millionar i 2015 til 12,2 millionar i fjor - noko som utgjer ein auke på 3,5 prosent. I tillegg kom andre driftsinntekter, blant anna leigeinntekter og inntekter frå annonse/reklame på ca. 2 millioner kroner.
Resultatet før skatt vart eit underskot på 1,6 millionar kroner i fjor, det er omlag på nivå med året før (sjå tabell).
-

Kan oppnå vesentleg betre resultat

Styret skriv i årsmeldinga at det driftsmessig er sett i gong fleire effektiviseringstiltak som er venta å gje positiv effekt, men på grunn av dårlege snøforhold ga ikkje dette effekt i fjor.
Det vert også satsa meir på sommardrift.
- Styret ventar at ein under normal drift med gode snøforhold og økt sommaraktivitet skal oppnå vesentleg resultatforbetring i 2017, skriv dei i årsmeldinga.
Ved årsskiftet var det 19 tilsette, dei fleste deltidstilsette. Det var i fjor ca. 12,5 årsverk, mot 15 årsverk i 2015.
Det var i fjor gjennomført utviklingsprosjekt som er støtta av Innovasjon Norge og frå Skattefunn-ordninga.

Lokale eigarar

I desember 2012 kjøpte trioen Frode Kjølås (fiskeindustri-utstyrsprodusenten Seaside), Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold (lakseforedlingsbedrifta Norsk Sjømat) anlegget .
Les også:
Les også:

Publisert: 14.08.2017 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12