Underskotet krympar hos Vard
Tosifra millionunderskot for første gang på ti år.
Frå og med 2014 og til og med 2022 har Vard Group gått med tre- eller fire-sifra millionunderskot. 2,1 milliardar kroner i minus i 2018 var botnpunktet.
I fjor vart resultatet før skatt kraftig forbetra, men selskapet slit framleis med å tene pengar på skipa selskapet byggjer (sjå tabell under).
Underskotet «er eit resultat av at prosjekt framleis er påverka av kompleksiteten til den noverande, svært utfordrande spesialiserte fartøysporteføljen, som omfattar ulike prosjekter og kategoriar av fartøy under bygging samstundes», skriv Vard Group i årsmeldinga for 2023.
Skipsverfta i Noreg
Vard Group er morselskapet i Vard Group-konsernet, som omfattar Vard Søvik, Vard Brattvåg og Vard Langsten på Nordvestlandet, to verft i Romania, eitt i Vietnam og eitt i Brasil.
Verfta på Nordvestlandet er eigd av Vard Group direkte, medan verfta i utlandet er eigd gjennom dotterselskap. I tillegg er Vard Interior, Vard Design, Seaonics og Vard Electro datterselskap av Vard Group.
Vard Group offentleggjer ikkje konsernrekneskap. Tala i tabellen under fortel difor i hovudsak korleis det går med skipsbygginga på Nordvestlandet, i tillegg til at ein del kostnadar som gjeld heile Vard-konsernet er med i Vard Group-rekneskapen.
Vard Group er eigd av det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri.
Store forventningar til vindkraftindustrien
Ved utgangen av 2022 hadde Vard Group ei ordrebok på 20,2 milliardar kroner, opp frå 19,7 milliardar kroner året før.
Ordreboka besto av 30 skip, 10 av dei i under bygging på verftet i Vietnam. I fjor sysselsette Vard Group 716 årsverk, ned frå 747 årsverk i 2022.
Selskapet fortel for tredje år på rad om store forventingar til utviklinga i marknaden for skip til vindkraftbransjen til havs. Greier selskapet å oppretthalde sin marknadsandel på 30 prosent, samstundes som vekstprognosane slår til, vil det bety inntil 50 nye byggjeoppdrag til Vard dei neste seks åra, ifølgje årsmeldinga.
Vard Group as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 5727,0 | 6002,2 |
Driftsresultat | -212,7 | -393,2 |
Resultat før skatt | -87,9 | -446,7 |
Publisert: 06.06.2024 10:05
Sist oppdatert: 06.06.2024 11:52