Unikt samarbeid om groen teknologi
KLYNGESAMARBEID: Sals- og marknadsdirektør Jon-Åge Eidem har stor tru på den nye pakkeløysinga i satsing på energigjenvinnig i regi av fire selskap bak Green Technology of Norway.
Nytt

Unikt samarbeid om grøn teknologi

Fire bedrifter går saman i Green Technology of Norway. Målet er å gjenvinne energi og spare miljøet.

10.02.2017
- I dette samarbeidet utnyttar vi kvar enkelt bedrift sine spesialitetar i eit optimalt energigjenvinningssystem som kjem alle til gode.
Dette seier sals- og marknadsdirektør Jon-Åge Eidem i Ulmatec, som er prosjektleiar i samarbeidet.
- Vi møttest på messer og andre stader, og fann ut at her kunne vi gjere noko saman. Det har vi no gjort og laga ei pakkeløysing som vi meiner har eit svært stort potensiale.

Leiande aktørar

I tillegg til Pyro i Søvika er Sperre Coolers på Ellingsøya, Anda Olsen i Spjelkavik og Teknotherm i Bergen med på samarbeidet.
Sperre leverer varmevekslarar, Anda Olsen hybride straumløysingar og Teknotherm kjøle- og varmesystem, samt varmepumper for skip.
- Alle er leiande innafor sine område, seier Eidem.

Nyskapingspris

Ulmatec Pyro i Søvika bidreg med sine varmegjenvinning/kjølesystem med eit overordna kontrollsystem som dokumenterer all energiutnytting.
Eidem seier at selskapet alt har seld 70-80 slike system sidan 2012, og vart mellom anna Årets bedrift i Møre og Romsdal i 2015 for sin Waste Energy Management-løysing.
Men no vert satsinga tatt vidare i samarbeid med dei andre aktørane.
- Det er snakk om eit unikt klyngesamarbeid, der vi i fellesskap kjem med optimaliserte løysingar, seier Eidem.

Rask gevinst

Både Innovasjon Norge, DNV-GL og Bellona rosar satsinga, og deltok på presentasjonen og lanseringa ii november i fjor. Det nye systemet vert sett på som like viktig innanfor berekraftig teknologi som å endre skrog- eller propellform for å redusere utslepp og gjenbruke energi.
- 100 kw med elektrisk energi kostar rundt 200 tonn med drivstoff og slepper ut 10-12 tonn NOX i løpet av eit år.
- Vi kan fort spare inn fleire hundre tonn drivstoff, og våre kalkulasjonar viser at dei som satsar på vår løysing har investeringa inntent alt etter eitt år, seier Eidem.
Han seier at det komplette systemet vil utnytte mykje av energien som i dag går vekk gjennom eksos og kjølevatn.
- Normalt forsvinn 35 prosent av energien gjennom eksosen, 30 prosent gjennom kjølevatnet. Vårt system reduserer dette til rundt 10 og 15 prosent, seier han.

- Ideelt for ferjer

Den gjenbrukte energien har mange bruksområde, slik som oppvarming av lugarar, produksjon av ferskvatn, avising, og no også produksjon av rein elektrisk energi.
- Systemet kan og lagre energien i eigne batteripakkar. Dette er mellom anna ideelt for ferjer, som då kan nytte den lagra energien når ferjene ligg ved kai.
Ved å samle opp og gjenbruke energien vert drivstoff-forbruket betydeleg redusert, i tillegg til at utsleppa av NOx og andre miljøgifter også går kraftig ned.
Eidem meiner at dette er ei perfekt satsing i eit tid med sterk fokus på miljøtiltak og kostnadskutt.
- Vi går i første omgang til skipsdesignerar og verft. Interessa er stor, mellom anna håper vi å få kontrakt med Color Line si nye ferje som skal byggast ved Ulstein Verft, og alle andre ferjekontraktane som no er ute på anbud.
- Ulike motor- og hybridløysingar samt reine batteriskip er ideelle for vårt fellessystem, seier Eidem.

Messe-satsing

Heile verda er marknaden, og partnerane satsar stort på dei komande maritime messene, som i Singapore, Korea og USA.
- Ved Nor-Shipping på Lillestrøm i mai kjem vi til å ha stor fellesstand i regi av Greeen Technology of Norway (GToN), seier Eidem.
Han opplyser at Pyro i Søvika vil ha ansvaret for systemdesign, kalkulasjon og leveranse av dei komplette systempakkane.
- Reiarane vil få alle våre kalkulasjonar med potensiell inntening, i tillegg til at verft og designar vil få ein optimal utsyrspakke med tilhøyrande rør og systemdesign, alt gjort i Norge.
- Dette er ei vinn-vinn-løysing for alle involverte, seier han.
Vi møttest på messer og andre stader, og fann ut at her kunne vi gjere noko saman

Publisert: 10.02.2017 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06