Bourbon Orca Bourbon Moonson opplag fiskåholmen foto marius 11
FISKÅ: Snart slutt på å sjå desse to offshoreskipa ved kai på Fiskå. Bourbon Orca skal seljast, medan Bourbon Moonson skal ut i spoten i Nordsjøen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sal og ut av langtidsopplag

Bourbon Offshore Norway planlegg sal av eitt skip, og tek eit anna ut i spot-en etter meir enn fire år i opplag.

18.06.2021

6. desember 2016 la Herøy-selskapet PSV-en Bourbon Moonson i opplag. I juli er båten på nytt klar for arbeid i spoten i Nordsjøen.

- Vi gjer dette delvis fordi marknaden er litt betre. I tillegg var det ein del av restruktureringsavtalen for selskapet at dette skipet skulle reaktiverast.

Det seier adm. dir. Bjørn Idar Remøy i det franskkontrollerte offshoreselskapet.

Ny klassing
Ulstein-bygde Bourbon Moonson er 14 år gamal. No må det 88,8 meter lange skipet klassast på nytt.

- Det er naturleg nok ein god del som må gjerast når ein tar eit skip ut av så langvarig opplag, men skipet har fått god behandling og ser absolutt bra ut.

- Vi er alt i gang med overhaling av maskineriet, seier Remøy. Han opplyser at sjølve dokkinga vil skje i Florø.

Der er interessentar til skipet, og vi forventar å lande eit sal i løpet av nokre veke
Bjørn Idar Remøy

Sel ankerhandlar
På plass må ein også ha eit norsk mannskap på 26, fordelt på to skift, inklusiv lærlingar.

- Dette er no i ferd med å falle på plass, seier Remøy.

Bourbon Moonson ligg i opplag på Fiskå. Der ligg også ankerhandlaren Bourbon Orca. Det 15 år gamle Ulstein-bygde skipet er 86,2 meter langt, og vart lagt i opplag i august 2020.

No skal skipet seljast.

- Der er interessentar til skipet, og vi forventar å lande eit sal i løpet av nokre veker.

- Prisen er ikkje veldig høg , men den er truleg høg nok til at styret kjem til å seie ja, seier Remøy.

Åtte skip
Etter salet av Bourbon Orca og reaktiveringa av Bourbon Moonson, har selskapet att åtte skip som ein er ansvarleg for drifta av.

På spørsmål om dei franske eigarane ønskjer å avvikle satsinga i Herøy, seier Remøy at det er ingen teikn som tyder på det.

Publisert: 18.06.2021 09:31

Sist oppdatert: 18.06.2021 10:53

Mer om