- Ja, det er betydeleg interesse for å byggje ved norske verft, seier Inge Bertil Straume, salssjef fiskebåt ved Skipsteknisk i Ålesund.
Designselskapet har landa ei rekkje kontraktar på fiskebåtar siste åra, men dei fleste har vorte bygde i utlandet. No er Norge aktuelt etter at krona har svakka seg kraftig mot Euro og US dollar.
- Faktisk er norske verft no meir attraktive enn på lang tid, seier Straume.
- Ja, det er i hovudsak snakk om utanlandske reiarar, men eg sende nyleg også invitasjon til fire norske verft om å vere med på anbud om ein stor kombinert pelagisk båt for ein norsk reiar, seier Straume.
Han seier at det vert teikna på ei rekkje nye store fiskebåtprosjekt frå reiarar i utlandet, og der norske vert i høgste grad er aktuelle som byggjeverft.
- Vi reknar med at fleire av desse prosjekta vert landa i løpet av året.
- Men svært mykje av utstyret vert norsk. Det gjeld vinsjane, filetmaskinene, thustarane og fryseriet.
- Dette vert ein båt med ein heilt ny type løysing for filetering av fisk, og rundt 100 millionar kroner av utstyret kjem frå Norge.
Sjølv om denne båten skal byggast i Tyrkia, har det på kort tid vorte betydeleg mindre skilje økonomisk å byggje i Tyrkia og Norge.
- Vi snakkar nok om rundt 15 % svekking av norske prisar i forhold til tyrkiske prisar.
Trålaren skal fiske på britisk EU-kvote. Saman med søsterskipet Mark er trålarane bygde ved Tersan-verftet i Tyrkia, medan trålaren M. Ytterstad vart levert frå naboverftet Besiktas for eit par veker sidan.
Inge Bertil Straume seier at det heilt klart vert bygd fleire fiskebåtar ved verfta i Tyrkia.
- Men bildet er i ferd med å snu. For eitt år sidan var nesten ingen interessert i å få prisen med norske verft. No vil nesten alle ha det.
- Dette er noko vi har jobba lenge med i ein svært krevjande marknad. Derfor er det svært gledeleg at dei tre første nye USA-eigde fiskebåtane får Skipsteknisk-design.
- Vi håpar og trur at det også vert meir, seier Straume.
Det eine nybygget er ein 60 meter lang inebåt til Blue North Fisheries, den andre ein 60 meter lang fryserålar til Seattle-baserte O’hara Corporation, og den tredje ein 79 meter lang frysterålar til Fishermans.
Total kontraktssum er på rundt ein milliard norske kroner.
- Også her vert det svært mykje norsk utstyr, seier Straume.
- For verfta er dette noko nytt, ikkje mist dei teknologiske løysingane om bord i nye og moderne fiskebåtar. Vi driv derfor no it intensivt opplæringsrabeide ved verfta.
Straume har hatt ansvaret for fiskerisatsinga ved Skipsteknisk sidan 2002.
- Vi har nok aldri hatt større aktivitet enn no innanfor dette feltet.
Designselskapet har landa ei rekkje kontraktar på fiskebåtar siste åra, men dei fleste har vorte bygde i utlandet. No er Norge aktuelt etter at krona har svakka seg kraftig mot Euro og US dollar.
- Faktisk er norske verft no meir attraktive enn på lang tid, seier Straume.
Reknar på norsk trålar
Medan det er forventa at bygginga av nye offshorefartøy vil stoppe opp dei neste par åra, kan bygging av fiskebåtar for utanlandske reiarar verte redninga.- Ja, det er i hovudsak snakk om utanlandske reiarar, men eg sende nyleg også invitasjon til fire norske verft om å vere med på anbud om ein stor kombinert pelagisk båt for ein norsk reiar, seier Straume.
Han seier at det vert teikna på ei rekkje nye store fiskebåtprosjekt frå reiarar i utlandet, og der norske vert i høgste grad er aktuelle som byggjeverft.
- Vi reknar med at fleire av desse prosjekta vert landa i løpet av året.
Vil flagge storkontrakt
Allereie denne veka er det venta at Skipsteknisk vil flagge ein ny kontrakt på design av ein knapt 80 meter lang fiskebåt for ein utanlands reiar, men denne båten skal byggast i Tyrkia der Skipsteknisk har hatt ansvaret for design på ei lang rekkje fartøy bygde ved dei to verfta Besiktas og Tersan.- Men svært mykje av utstyret vert norsk. Det gjeld vinsjane, filetmaskinene, thustarane og fryseriet.
- Dette vert ein båt med ein heilt ny type løysing for filetering av fisk, og rundt 100 millionar kroner av utstyret kjem frå Norge.
Sjølv om denne båten skal byggast i Tyrkia, har det på kort tid vorte betydeleg mindre skilje økonomisk å byggje i Tyrkia og Norge.
- Vi snakkar nok om rundt 15 % svekking av norske prisar i forhold til tyrkiske prisar.
Britisk dåp
Saman med Skipsteknisk-direktør Hans Ove Holmøy reiste Straume tysdag til Hull for å delta på dåpen for den Skipsteknisk-designa 86 meter lange trålaren Kirkella til UK Fisheries, ein trålar som er eigd av tyske og islandske interesser, der Samherji-leiar og Rem Offshore-styremedlem Thorsteinn Mar Baldvinsson er inne på eigarsida.Trålaren skal fiske på britisk EU-kvote. Saman med søsterskipet Mark er trålarane bygde ved Tersan-verftet i Tyrkia, medan trålaren M. Ytterstad vart levert frå naboverftet Besiktas for eit par veker sidan.
Situasjonen har snudd
Ved Tersan er også nye Leinebris under bygging, også med Skipsteknisk-design, i tillegg til den russiske trålaren Andeg og den grønlandske trålaren Steffen C – den siste på 83 meter.Inge Bertil Straume seier at det heilt klart vert bygd fleire fiskebåtar ved verfta i Tyrkia.
- Men bildet er i ferd med å snu. For eitt år sidan var nesten ingen interessert i å få prisen med norske verft. No vil nesten alle ha det.
USA-gjennombrot
Skipsteknisk kan også glede seg over å ha fått eit skikkeleg gjennomslag i USA. For første gong på 27 år vert det i USA bygd reine fiskebåtar frå grunnen av, i staden for å ombygge gamle offshorefartøy og andre fartøy til fiskebåtar.- Dette er noko vi har jobba lenge med i ein svært krevjande marknad. Derfor er det svært gledeleg at dei tre første nye USA-eigde fiskebåtane får Skipsteknisk-design.
- Vi håpar og trur at det også vert meir, seier Straume.
Det eine nybygget er ein 60 meter lang inebåt til Blue North Fisheries, den andre ein 60 meter lang fryserålar til Seattle-baserte O’hara Corporation, og den tredje ein 79 meter lang frysterålar til Fishermans.
Total kontraktssum er på rundt ein milliard norske kroner.
- Også her vert det svært mykje norsk utstyr, seier Straume.
Må lære opp amerikanarane
Det er verfta Eastern Shipbuilding i Florida og Dakota Creek i Seattle som skal byggje båtane. Straume seier at det no vert gjort eit omfattande arbeid i lære opp dei to verfta å byggje fiskebåtar.- For verfta er dette noko nytt, ikkje mist dei teknologiske løysingane om bord i nye og moderne fiskebåtar. Vi driv derfor no it intensivt opplæringsrabeide ved verfta.
Straume har hatt ansvaret for fiskerisatsinga ved Skipsteknisk sidan 2002.
- Vi har nok aldri hatt større aktivitet enn no innanfor dette feltet.
Faktisk er norske verft no meir attraktive enn på lang tid
Publisert: 03.03.2015 15:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41






