Slettvoll møbler bjørn helge vik foto slettvoll møbler 11
TRENG FLEIRE TILSETTE: Slettvoll Møbler-sjef Bjørn-Helge Vik har no 45 tilsette ved fabrikken på Stranda og er på jakt etter fleire. Foto: Slettvoll Møbler
Nytt

Rekordtjukk ordrebok ved Stranda-fabrikken

Ålesund er mellom butikkane som trekk opp rekordresultatet til Slettvoll-konsernet.

Marius Rosbach
04.08.2021

Etter at koronaen sette møbelbransjen på pause i fjor vår, kan Slettvoll-sjef Bjørn-Helge Vik konstatere at pandemien har bidrege til det beste resultatet til møbelprodusenten nokon gong.

Overskot før skatt er tredobla frå året før, frå 11 til 34,5 millionar(sjå tabell under).

– Vi har kome godt ut av «nestingtrenden» der kundane har konsentrert seg om hus og heim, og alt som er nært. Ein skal ha litt flaks i business og den trenden har slått ut i vår favør, fortel Vik fornøgd til NETT NO.

Slettvoll Møbler
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 206,9 192,7
Driftsresultat ikkje opplyst ikkje opplyst
Res. før skatt 34,5 11,7

Rekordreserve på Stranda
Slettvoll-konsernet har hovudkontor i fabrikken på Stranda, medan sal, marknadsføring og andre støttefunksjonar er fordelt mellom Stranda og Ålesund. Til saman har møbelkonsernet 85 tilsette i arbeid på Sunnmøre.

Den høge etterspurnaden – kombinert med at Slettvoll har henta heim meir produksjon – betyr auka bemanning på Stranda-fabrikken.

– Vi har rekordreserve ved fabrikken på Stranda og har auka bemanninga her, fortel Vik.

(saka held fram under)

Vi har rekordreserve ved fabrikken på Stranda og har auka bemanninga her
Bjørn-Helge Vik
Slettvoll ålesund Foto Roar Nord Jensen 11
AUKE I ÅLESUND: Staben i Ålesund-butikken auka omsetninga med heile 60 prosent i fjor, samanlikna med året før. Samla auka omsetninga i Slettvoll-butikkane med 18 prosent i fjor. Foto Roar Nord Jensen

– På jakt etter fleire tilsette
I dag jobbar 45 tilsette på Stranda-fabrikken og arbeidet dreiar seg i stor grad om møbelhandverk.

– Vi er framleis på jakt etter fleire tilsette. Produksjonen effektiv og moderne, men i liten grad robotisert og det er ingen samlebandsproduksjon. Vi jobbar med høgkvalitetsmøblar og treng kvalifisert arbeidskraft, påpeiker Vik.

Å få tak på fagfolk er ikkje alltid enkelt, men Slettvoll-sjefen ser ingen grunn til å svartmale tilgangen på arbeidskraft. Samtidig opplever dei at tilsette blir i jobben lenge.

– Vi håpar det er eit teikn på at dei trivst og at Slettvoll er en god arbeidsplass, legg Vik til.

Slettvoll møbler sying foto slettvoll møbler 11
MØBELHANDVERK: – Produksjonen effektiv og moderne, men i liten grad robotisert og det er ingen samlebandsproduksjon, fortel Slettvoll-sjefen om Stranda-fabrikken. Foto: Slettvoll Møbler

God inntening ved Ålesund-butikken
Ålesund er mellom butikkane som trekk opp resultatet til Slettvoll-konsernet. Med eit driftsresultat på 2,3 millionar frå ein omsetning på meir enn 19 millionar, har butikken for første gong ein driftsmargin på meir enn ti prosent.

– Det viser kvar det gode resultatet til konsernet kjem frå. Vi har jobba hardt dette året, og klart å manøvrere gjennom koronaperioden på ein god måte. Samtidig har butikkmedarbeidarane vore fantastisk flinke til å skape trygge handleopplevingar, og følgje smittevernreglane frå styresmaktene, fortel Slettvoll-sjefen.

Slettvoll har til saman 19 butikkar rundt om i Norge, i tillegg til København, Stockholm, Gøteborg og Malmø.

Slettvoll Ålesund
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 19,2 12
Driftsresultat 2,3 -0,3
Res. før skatt 2,3 -0,3

Avhengig av klynga rundt seg
Slettvoll-sjefen er tydeleg på viktigheita av møbelklynga på Nordvestlandet, som har tyngdepunkt Sykkylven og Stranda.

– Vi er heilt avhengige av kompetansenivået som vi har på Stranda, men også hos alle underleverandørane rundt oss. Det er utruleg viktig å ha ein møbelindustri på Sunnmøre som gjer det godt, og vi heiar på alle som produserer rundt oss, seier Vik.

Publisert: 04.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 04.08.2021 08:46

Mer om