På Verftskonferansen i Ålesund tysdag utfordra Smådal leverandørbedriftene til skipsverfta, og spesielt dei største aktørane.
Dei likar å selge pakkar som gjerne er sett saman av både eige utstyr og teknolog,i og utstyr og teknologi frå andre.
– Dei puttar meir og meir utstyr inn i pakkane, som ikkje nødvendigvis er produsert og laga av leverandørane sjølv, seier salssjef Silje Smådal.
Fleire botnliner
Problemet med pakkane, slik Smådal ser det, er at kvart ledd som er ein del av pakken skal ha forteneste på det dei leverer.
– Det er klart at når dei gjer denne øvelsen så dreg vi med oss fleire botnliner inn i prosjektet - og prisen ut til kunde aukar, seier ho.
Ikkje populært
Smørdal sine vurderingar er ikkje alltid så populære hos leverandørane seier ho, men ho oppmodar leverandørbedriftene om tenke seg om.
Ekstragevinsten til utstyr- og teknologileverandørane ved å levere store pakkar, kan på lenger sikt svekke verfta si konkurransevne. På lengre sikt kan utviklinga dermed slå tilbake på utstyreleverandørane sjølve.
– Alle vil ha letttente pengar, men her må èin sjå på moglegheitene for å finne èin balanse mellom kven som leverer kva, og finne fram til eit samarbeid som samla gir den norske maritime klynga èin mykje større konkurransefordel i den globale marknaden, seier Smådal.
Tyrkisk eigar
Skipsverftet i Leirvik ved Sognefjorden fekk det tyrkiske verftselskapet Tersan som eigar i 2021.
Tersan Shipyard relanserte Tersan Havyard som nybyggingsverft.
Det utanlandske eigarskapet gjorde det mellom anna lettare å få finansiering, som gjorde det råd å byrje med nybygg igjen, ifølgje Smådal.
Publisert: 04.11.2025 15:26
Sist oppdatert: 04.11.2025 15:57






