Mil Shipping var meklar då tyrkiske Tersan Shipyard i 2023 kjøpte det som i dag er Tersan Havyard i Leirvik i Sogn.
Det er eit døme på at utanlandsk eigarskap har vore positivt, meiner Erwin Jager.
Med Tersan som eigar, fekk verftet økonomi til å kunne ta på seg nybygg igjen. Fasiten så langt er seks nybyggingskontraktar pluss opsjonar.
Fleire norske verft kan bli selde til utlandet framover, sa Jager på fiskerifagdagen til klyngeorganisasjonen NCE Blue Legasea og GCE Blue Maritime Cluster i Herøy tysdag.
Han peika spesielt på at verft som i dag driv med ombygging- og reparasjonar, med kapitaltilførsel kan ta på seg nybygg igjen.
Oppsving i skipsbyggingsbransjen
I dag er det oppsving i skipsbyggingsbransjen og reiarar må bu seg på lengre leveringstid og dyrare fartøy enn for berre få år sidan, sa Jager.
I åra 2014-2023 arbeidde han for Ulstein Group, sist som salssjef i Ulstein Design & Solution.
På det kjappaste - tidleg i perioden Jager var hos Ulstein Group - gjekk det ti månadar frå kontraktsignering til ferdig båt. Sjølv om det ikkje er eit gjennomsnittsdøme går det likevel vesentleg lenger tid å bygge eit skip i dag.
Bygginga tek lengre tid
Utviklinga heng mellom anna saman med at verfta er blitt meir forsiktige og no vil gjere ingeniørarbeidet først, før bygginga startar. I tillegg ventar dei lengre med å bestillle stål enn før.
Summen av dette utgjer åleine omlag tre kvart år forlenging av byggetida, samanlikna med då ingeniørarbeid og bygging vart gjort parallellt og stålet vart bestilt straks kontrakta vart signert.
På toppen av dette kjem at ordrebøkene hos verfta har blitt fylt opp, og at reiarane må vente på tur før bygging kan starte.
Skipa er blitt dyrare
Jager seier og at skip har blitt mykje dyrare, og han ser ikke for seg prisauken vil bli reversert.
Eit døme på kvar Jager snakkar om er prisauken er ein brønnbåt som reiarlaget Rostein bestilte frå Larsnes Mek. Verksted tidlegare i år.
Prisen var på nesten ein milliard kroner, nær det doble av eit nokså likt fartøy som Rostein bestilte i 2021.
Fleire årsaker til kostnadsauke
Prisauken skuldast kostnadsauke på material og utstyr som skal inn i ein båt, mellom anna på grunn av krigen i Ukraina og etterverknadar etter koronapandemien.
Verfta har og blitt mindre viljuge til å ta risiko.
Før tok verfta nesten heile risikoen under byggeprosessen, frå kontraktsignering og fram til skipet blei leveret.
– Det gjeld ikkje lenger, seier Jager.
Publisert: 10.12.2024 15:14
Sist oppdatert: 11.12.2024 08:16