Trond Lars Nydal Sparebanken Møre foto Ogne
BØRS OG BACALAO FOR 15. GANG: Over 600 påmelde til arrangementet i Ålesund og tilsaman 100 fordelt på Kristansund og Leikanger skal følge årets Børs og Bacalao-konferanse, som Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal opnar 16:30 i dag. Der blir også vinnaren av Næringsteft 2022/2023 offentleggjort. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Følg direktesending frå Næringsteft-finalen

Vinnaren av konkurransen blir kåra under Børs og Bacalao.

16.03.2023

Torsdag kveld er det finale i årets Næringsteft-konkurranse på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.

Fem selskap har kome til finalen i konkurransen som blir arrangert av Sparebanken Møre. Til saman 2,3 millionar kroner i premiepotten og vinnaren stikk av med éin million som kan brukast til å vidareutvikle forretningsideen.

Sjå finalen i Næringsteft og investorkonferansen direkte- sendestart kl. 16.30 (ekstern lenke)

Vinnaren blir utropt torsdag kveld under Børs og Bacalao-arrangementet av Sparebank Møre-sjef Trond Nydal og prosjektleiar Linda Raftevold Grimstad.

I løpet av kvelden skal også Monika Hestad frå Brand Valley presentere si forsking på gründerar. Hareidsdølingen med professortittel i design vil mellom anna kome inn på korleis Nordvestlandet ligg an, samanlikna med resten av landet.

Kring 570 var onsdag påmeldt til årets Børs og Bacalao-kveld. I tillegg vil kring 50 personar på Stad og i Kristiansund følgje arrangementet digitalt.

Publisert: 16.03.2023 15:23

Sist oppdatert: 16.03.2023 16:04

Mer om